Hopp til innhald

Lillehammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. september 2011 kl. 11:31 av 89.9.23.3 (diskusjon)
Lillehammer
stad
Land  Noreg
Fylke Oppland
Kommune Lillehammer
Areal 11,5 km²
Folketal 21 263  (2023)
Folketettleik 1 849 / km²
Innbyggjarnamn lillehamring
Preposisjon Lillehammer
Kart
Lillehammer
61°06′58″N 10°27′28″E / 61.116111°N 10.457778°E / 61.116111; 10.457778
Wikimedia Commons: Lillehammer

Lillehammer er ein by og administrasjonssenter i Lillehammer kommune i Oppland fylke med 21 263 innbyggjarar per 1. januar 2023. Lillehammer er administrasjonssenter i fylke. Kyrkjeleg er Lillehammer prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese hev vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av ham på Lilletorget i samband med Lillehammer sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 omlag tusen innbyggjarar, og hadde gode sambindingar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidaresambindinga med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet moglegjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden, og bidrog til byens framvekst.

Sjå òg

Kjelde

«Lillehammer» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

  1. Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.

Bakgrunnsstoff