Hopp til innhald

Pinse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen
Icthys-symbolet
Merkedagar

Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse

Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Pinse er ei kristen høgtid som vert feira femti dagar etter at Jesus stod opp igjen påskedag. Ho er til minne om at Den heilage anden kom til apostlane, og vert rekna som fødselsdagen til den kristne kyrkja.

Kva tid fell pinsa?

(i vestleg kristendom)

Kyrkjefargen for pinsen er raud; like flammande som den heilage anden.

Namnet pinse stammar frå det greske ordet «pentekoste», som betyr femtiande. Dette var opphavleg namnet for den jødiske høgtida sjabu‘ót som vert feira den femtiande dagen etter pesah.

Pinsevennene har teke namnet sitt fordi dei legg vekt på den heilage anden som er i kvar enkelt.

I eldre nynorsk har kvitsundag vore ein vanleg nemning på pinsedagen (jf. den islandske nemninga hvítasunnudagur).

2. pinsedag, dvs. måndagen rett etter pinsedag, er offentleg fridag i Noreg og i mange andre europeiske land.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.