Kraftverk
Kraftverk er ei nemning på eit industrianlegg som genererer elektrisk energi. Det ville difor vera logisk å nytta nemninga energiverk i staden for kraftverk, men den misstydande nemninga kraftverk har diverre teke hald i det norske språket.
Ei anna missoppfatning er at det vert produsert energi, noko som strir mot energiprinsippet. Eit kraftverk produserer ikkje energi, men omset frå ei enegiform til ei anna. I eit vasskraftverk vert statisk energi omset til elektrisk energi, i eit kolkraftverk vert kjemisk bunden energi omset til elektrisk energi, og så vidare. Denne energiomsetninga kan skje på forskjellige vis:
- Mekanisk (kinetisk eller potensiell) energi blir omdanna til elektrisk energi i ein generator. Døme: vasskraftverk, vindkraftverk, bølgekraftverk.
- Varmeenergi blir omdanna til mekanisk energi som så blir omdanna til elektrisk energi. Døme: atomkraftverk.
- Spesielle energiformer kan omdannast direkte til elektrisk energi, til dømes sollys i ei solcelle (solenergi).
I Noreg vert over 99 prosent av den elektrisk energien generert av vasskraftverk[treng kjelde], men stadig nye vindkraftverk vert bygd ut. Nokre få gasskraftverk er i planleggingsfasen, og det vert drive utprøving av andre typar kraftverk.
Ulike typar kraftverk
- Vasskraftverk
- Høgtrykkskraftverk med dammar
- Lågtrykkskraftverk i elvar
- Pumpereservoarkraftverk (kombinert med høgtrykkskraftverk)
- Havkraftverk
- Konvensjonelle Varmekraftverk
- Med fossile råstoff
- Dampkraftverk drive av kol eller olje
- Kombinasjonskraftverk
- Kolkraftverk
- Gasskraftverk
- Atomkraftverk med kjernereaktorar
- Med fossile råstoff
- Solkraftverk
- Termiske kraftverk som arbeider med fornybar energi
- Biomassekraftverk
- Biogasskraftverk
- Geotermiske kraftverk
Eksperimentelle kraftverk: