Provinsen Avellino
Nasjon | Italia |
Region | Campania |
Hovudstad | Avellino |
Areal | 2 792 km² |
Folketal (2005) | 429 073 |
Folketettleik | 154/km² |
Kommunar | 119 |
Bilnummer | AV |
Postnummer | 83010-83054 |
Retningsnummer (tlf) | 081, 082 |
President | Alberta De Simone |
Plasseringa til Avellino i Italia |
Provinsen Avellino (italiensk Provincia di Avellino ) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Avellino . Han har eit areal på 2 792 km² og totalt 429 073 innbyggjarar. Det er 119 kommunar i provinsen.
I det gamle Kongedømet Napoli utgjorde provinsen om lag Principato Ultra, men nokre stader var ein del av Capitanata eller Principato Citra. Provinsen grenser ikkje til havet. Det gamle namnet på området var Hirpinia (moderne italiensk Irpinia), som kom frå det oskiske «hirpus», eller «ulv», eit dyr som framleis finns i området.
Typiske produkt frå provinsen er hasselnøtt (ein tredjedel av den totale italienske produksjonen), kastanje frå Montella, dei kjende vinane Aglianico, Taurasi, Greco og Fiano, kirsebær, ost (som caciocavallo frå Montella), svart trøffel frå Bagnoli Irpino.
Avellino var kjend for dei kongelege hagane i mellomalderen og i romartida.
Dei største turistattraksjonane er heilgadomane Montevergine og San Gerardo a Maiella, dei arkeologiske områda Avella og Eclano, Lancellotti-borga, den tidlege kristne basilikaen i Prata.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Avellino frå Engelsk Wikipedia .