Hopp til innhald

Tor Fuglevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tor Aslak Fuglevik (fødd 7. april 1950 i Kristiansand). Norsk journalist og medieleiar.

Tor Fuglevik

Nasjonalitet norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7.april 1950 (74 år)
Kristiansand kommune
Yrke journalist og medieleiar
Språk norsk
Tor Fuglevik på Commons

Fuglevik er direktør i det internasjonale mediekonsernet Modern Times Group (MTG), som mellom anna eig Viasat, TV3 og P4.

Bakgrunn

NRKs nye radiokanal Alltid Nyheter gjekk på lufta 14. april 1997. Frå venstre: radioredaktør Tor Fuglevik, journalist Tom Nilssen og prosjektleiar Frode Rekve.(Foto: Ken Opprann/Aftenposten/Scanpix

Fuglevik tok eksamen frå Norsk journalistskule i 1971, og samfunnsvitskapeleg embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1975.

Fuglevik starta i NRK Radio i 1971 som nyhendereporter i Dagsnytt som 21-åring. I 1976-1977 var han informasjonssjef i Justisdepartementet, og 28 år gamal vart Fuglevik i 1978 sjef for NRK Sørlandet. Han var så sjef for NRK Austlandssendinga (1984-1986), assisterande radiodirektør i NRK P1 (1986-1988) og radiodirektør i NRK (1988-2000). Fuglevik var vara-kringkastingssjef og direktør for NRK Futurum 2000-2001.

Som radiodirektør var Fuglevik mellom anna ansvarleg for innføringa av eit nytt, nasjonalt trekanaltilbod med kanalane P1, P2 og Petre i 1993, for verdas første heildigitale radiokanal NRK Alltid Klassisk i 1995 og for etableringa av Noregs første nyhendekanal, NRK Alltid Nyheter, i 1997.

Etter 30 år i NRK slutta han i 2001 som vara-kringkastingssjef i NRK for å bli administrerande direktør i Norges televisjon (NTV). Her leia Fuglevik den faglege og politiske prosessen fram til Stortinget si endelege avgjerd i 2004 om byggjing av det landsdekkjande, digitale tv-nettet som NRK og RiksTV i dag nyttar.

Fuglevik slutta i NTV i 2006 etter endt årmål, og vart same år tilsett som direktør i MTG.

Anna verksemd

Fuglevik har gjeve ut fleire bøker om kringkasting. Han har hatt leiande verv i den europeiske kringkastingsunionen EBU, og har vore medlem av styra i mellom anna Språkrådet og Det Norske Samlaget. Fuglevik fekk i 2008 Prix Radio sin heiderspris for å ha hatt "ansvaret for mye av moderniseringen av radiomediet i Norge"[1].

Referanser

Sitat (http://www.ordtak.com/forfatter.php?fn=Tor&ln=Fuglevik)

  1. Radiodager 2009: «Prix Radios Hederspris til Tor Fuglevik»

Eksterne lenker