Mylne
- Sjå òg Kvern (fleirtyding) og Mølle (fleirtyding).
Mylne, mølle, eller kvern, er ei maskin som vert nytta for å mala korn. I tradisjonelle kverner vert kornet knusa mellom to horisontale møllesteinar, der den eine steinen er stasjonær og den andre vert driven rundt. Ein annan type hadde eit tungt steinhjul som vart rulla over kornet for å knusa det.
Soge
Handkverner
Dei tidlegaste bruken av handkvernene ein kjenner til var i Levanten i Epipaläolithikum (mitre steinalder) [treng kjelde]. På nordiske buplassar er funne handkverner heilt frå 400-talet [1]. På små bruk var handkverner lenge i bruk og sume stader, som til dømes i nokre latinamerikanske land er handkverner framleis i bruk.
Kvernsteinane
Kvernstinane vart hogne ut frå fjell med kyanittførande granatglimmerskifer og i Noreg er det funne spor etter kvernsteinindustri helt frå rundt 700 [2]. Ein trur at denne industrien auka og var på det størte i mellomalderen [2] [3]. Selbu skal ha hatt den største produksjonen, men det vart òg brote kvernstein i Åfjorden i Sogn og Fjordane, Sømna, Salvær, Sørreisa, Rana og Vågå [3].
Drift av møller
Større kverner vart drivne med ymse typar energikjelder, som rennande vatn og vind, alt etter kva naturen hadde å by på.
Vassmylner
I land med rikeleg tilgang på elvar og bekkar, som i Noreg, har vasshjul og kvernakallar vore mest utbreidd. I Noreg har vasskverner vore i drift frå høgmiddelalderen [4]. Vasskverner har òg vorte kalla bekkjekverner, fossekverner og flomkverner. Den siste nemninga tyder på at kvernene har stått ved flombekkar. Det var difor vanleg å mala kornet på hausten når det ofte var mykje regn, eller i vårflommen. Medan ein treska manuellt var det ofte for seint å mala om hausten.
Medan det i andre skandinaviske land var godseigarar og storgardar som gjennom privelegiar åtte mylnene hadde alle norske bønder høve til å halda seg med eiga kvern [4]. Det vart sagt at «kjerring, hest og kvern høyrde til kvart bruk»[4]. Ein reknar med at det rundt 1830 var mellom 25000 og 30000 kverner i Noreg, eller rundt 30 % av alle gardar i landet [4]. Men framover mot år 1900 minka talet på grunn av at ein gjekk over til større bygdekverner, som gav finare mjøl, og ut på 1920-talet var talet nedi i rundt 7000 [4]. Gardsbruk som rådde over ei elv eller ein bekk med nok vassføring til å mala meir enn sit eige korn kunne få ei ekstrainntekt ved å mala for andre som ikkje hadde eiga kvern. Eiker skal ha vore tidleg ute med å utnytta vasskrafta til å driva kvernene [5].
Vindmylner
- Hovudartikkel: Vindmølle
I flatt lende ute ved kysten er det ofte stabil vind og vindkraft vart ei turvande energikjelde for kvernene. Vindmølleneer vart utbeeidde og i fleire hundre år prega dei kystlandskapet. Sjølv om ein i dag ofte forbind vindmøller med Nederland var dei òg i bruk mange andre stadar, som Danmark, Sverige, Nord-Tyskland og Iberia. Dei var og utbridee på slettelandskap med stabil vind, som i Ukraina.
Fleire typar var i bruk. På stubmøllene roterte heile mølla, slik at ho kunne snuast etter som vinden snudde. Namner kjem av at tidlege stubbmøller vart bygde rundt ein stubbe, eller eit tre, som tente som fundament og opplagring. Denne typen kverner var ofte ikkje så store. På vindmøller av hollandsk type var det berre den øvre delen av huset som roterte. Denne typen var ofte bygde av murstein og var så stødige at det vaty mulig å bygga store møller. Ein tredje type, kalla «paltrockkvern», likna på stubbkvernene på det viset at heile huset roterte, men i staden for eit sentralt lager kvilte huset på ein hjulkrans under utterveggane.
Ein er ikkje sikker på når dei fyrste vindmøllene vart tekne i bruk, men i ei babylonske lov frå 1750 fvt. er dei nemnt [treng kjelde].
Hestevandringar
Der ein ikkje hadde tilgang korkje på rennande vatn eller stabil vind var ein nøydd til å nytta hestevandringar. Dette var ei kostbar løysing, både på grunn av at det sleit på hestane og på grunn av at det gjekk meir for når hestane arebeidde hardt.
Motordrift
Då dampmaskiner vart tilgjengelege på 1800-talet vart hestevabdringabe i stort mon bytta ut med dampmaskinar [6]. Der kol var lett tilgjengeleg vart det nytta som brensle for dampmaskinane, men det var òg vanleg¨å nytta halm som brensle. På slutten av 1800-talet tok ein òg til å nytta råoljemotorar, som var lettare å flytta frå gard til gard, eller mellom treskeverk og kvern. Bensinmotorar var minde attraktive, både på grunn av at bensin var dyrare enn råolje og på grunn av brannfaren.
Bygdekvernene
Mot slutten av 1800-talet auka kravet til kvaliteten på mjølet og finare mjøl enn ein fekk frå gardskvernene vart etterspurt. Dette førte til at det vart byggd større bygdekverner. Desse kunne vera eigde av fleire gardbrukarar, som hadde midlar å skyta inn. Men det var heller ikkje uvanleg at ein pengesterke handelsmann bygde kvern og leigde ein mylnar og hjelparar.
Kjelder
- ↑ Kverna som sviv og mel, www.kvernstein.no
- ↑ 2,0 2,1 Åfjordsteinen, www.kvernstein.no
- ↑ 3,0 3,1 Kvernsteins-bygda, www.nrl.no. (vitja 19/10-2009.)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Gjerdåker, B., Noregs landbrukshistorie III 1814 - 1920, Det norske samlaget, 2002.
- ↑ Wollertsen, A.G., Mølledrift og annen virksomhet ved elvene i Nedre Eiker i gamle dager, www.eiker.org, 15/10-2007.
- ↑ Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.