Hopp til innhald

Mylne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. oktober 2009 kl. 23:14 av Sigmundg (diskusjon | bidrag) (Vindmylner)
Kvernstein i ei vassdriva kvern.

Mylne, mølle, eller kvern, er ei maskin som vert nytta for å mala korn. I tradisjonelle kverner vert kornet knusa inn mellom to horisontale møllestsinarm der den eine steinen er stasjonær og den andre vert driven rundt. Ein annan type hadde eit tungt steinhjul som vart rulla over kornet for å knusa det.

Soge

Handkverner

Ei slovakisk handkvern

På små bruk var handkverner i bruk. Sume stader, som til dømes i nokre latinamerikanske land er handkverner framleis i bruk.

Drift av møller

Større kverner vart drivne med ymse typar energikjelder, alt etter kva naturen hadde å by på.

Vassmylner

Ei tysk vasskvern.
Ei kvern frå 1800-talet: måleri av Ferdinand Heilbuth.

I land med rikeleg tilgang på elvar og bekkar, som i Noreg, har vasshjul og kvernakallar vore mest utbreidd. I Noreg har vasskverner vore i drift i høgmiddelalderen [1]. Gardsbruk som rådde over ei elv eller ein bekk med nok vassføring til å driva ei kvern hadde ein økonomisk føremon. Vasskverner har òg vorte kalla bekkjekverner, fossekverner og flomkverner. Den siste nemninga tyder på at kvernene har stått ved flombekkar. Det var difor vanleg å mala kornet på hausten når det ofte regna eller i vårflommen. Medan ein treska manuellt var det ofte for seint å mala om hausten.

Medan det i andre skandinaviske land var godseigarar og storgardar som gjennom privelegium åtte mylnene hadde alle norske bønder høve til å halda seg med eiga kvern [1]. Det vart sagt at «kjerring, hest og kvern høyrde til kvart bruk»[1]. Ein reknar med at det rundt 1830 var mellom 25000 og 30000 kverner i Noreg, eller rundt 30 % av alle gardar i landet [1]. Men framover mot år 1900 minda talet på grunn av at ein gjekk over til større bygdekverner, som gav finare mjøl, og ut på 1920-talet var talet nedi i rundt 7000 [1].

Vindmylner

Stubbmøller i Jalutorovsk i Tjumen oblast i Russland.
Ei dansk vindmølle av hollands type.

I flatt lende ute ved kysten er det ofte nok vind har vindkraft vore utbriedd og vindmøllenene har i fleire hundr år prega landskapet. Sjølv om ein i dag ofte forbind vindmøller med Nederland var dei òg bruk mange andre stadar, som Danmark, Sverige, Nord-Tyskland og Iberia.

Fleire typar var i bruk. På stubmøllene roterte heile mølla, slik at ho kunne snuast etter som vinden snudde. Namner kjem av at møllene ofte vart bygde rundt ein stubbe, eller eit tre, som tente som fundament. Denne typen kverner var ofte ikkje så store. På vindmøller av hollandsk type var det berre den yvre delen av huset som roterte. Denne typen var ofte bygde av murstein og var så stødige at dei kunne lagast etter måten store. Ein tredje type, kalla «paltrockkvern», likna på stubbkvernene på det viset at heile huset roterte, men i staden for eit sentralt lager kvilte huset på ein hjulkrans under utterveggane.

Ein er ikkje sikker på når dei fyrste vindmøllene vart tekne i bruk, men i ei babylonske kongen lov frå 1750 fvt. er dei nemnt [treng kjelde].

Hestevandringar

Der ein ikkje hadde tilgang korkje på rennande vatn eller stabil vind har ein vore nøydd til å nytta hestevandringar. Dette var ei kostvar løysing, både på grunn av at etter som det sleit på hestane og på grunn av at det gjekk meir for når hestane arebeidde hardt.

Motordrift

dampmaskiner vart tilgjengelege på 1800-talet vart hestevabdringabe i stort mon bytta ut med dampmaskinar halm [2]. Der kol var lett tilgjengeleg vart det nytta som brensle for dampmaskinane, men det var òg vanleg¨å nytta halm som brensle. På slutten av 1800-talet tok ein òg til å nytta råoljemotorar, som var lettare å flytta frå gard til gard, eller mellom treskeverk og kvern. Bensinmotorar var minde attraktive, både på grunn av at bensin var dyrare enn råolje og på grunn av brannfaren.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Gjerdåker, B., Noregs landbrukshistorie III 1814 - 1920, Det norske samlaget, 2002.
  2. Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.