Hopp til innhald

Diomedea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. februar 2022 kl. 20:37 av Roarjo (diskusjon | bidrag) (Artsliste)
Diomedea
Kongealbatross Foto: JJ Harrison
Kongealbatross
Foto: JJ Harrison
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Linnaeus, 1758

Diomedea er ei biologisk slekt av dei største albatrossane. Namnet kjem frå den greske helten Diomedes, som etter legenda vart driven til Italia av ein storm og stranda med følgjesveinane sine som vart til fuglar.[1]

Skildring

Dette er ikkje berre dei største albatrossane, men òg blant dei største av alle flygande fuglar. Og dei har dei største vengespenna av alle fuglar, med eit gjennomsnitt på over 3 meter. Store vaksne hannar av desse artane kan overstige 11 kg i vekt,[2] og er likeså tung som ei stor svane.

Diomedea-albatrossane er hovudsakleg kvite i fjørdrakt som vaksne, og blir kvitare med alderen. Kongealbatross i alle aldrar og storleikar, eldre hannar av vandrealbatross er heilt kvite som funksjonsfriske, medan vaksne hoer og yngre eksemplar har mørke pennemerke på fjørkantane. Vanlegvis har ungfuglar meir mørkebrun farge. Den nyleg oppdaga og anerkjende arten Diomedea amsterdamensis held på den mørkebrune fjørdrakta av ungfuglar inn i vaksenlivet.

Dette er store sjøfuglar med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet, og hekkar på isolerte øyar. Vandrealbatrossane hekkar på øyar rundt Sørishavet, frå Atlanterhavet, Sør-Georgia og Tristan da Cunha, til Indiahavet og sub-antarktiske øyar utanfor New Zealand. Kongealbatrossane hekkar berre på New Zealands sub-antarktiske øyar, med ein uvanleg koloni på Otago-halvøya på New Zealand.

Artsliste

Diomedea i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4] Estimat av populasjonar etter faktaark hos Verdas naturvernunion:[5]

Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon,
modne ind.
År Trend Hekkeplassar
Vandrealbatross Diomedea exulans VU 20 100 2006-2011 minkande Øyar i Sørishavet: Sør-Georgia, Kerguelen, Heard- og McDonaldøyane og på Macquarie Island
manglar norsk namn
eng: Antipodean albatross
Diomedea antipodensis EN 50 000 2016 minkande Aucklandøyane, Antipodeøyane og Campbelløyane
manglar norsk namn
eng: Amsterdam albatross
Diomedea amsterdamensis EN 170 2011 aukande Amsterdamøya i Indiahavet
Tristanalbatross Diomedea dabbenena CR 3400-4800 2016 minkande Sør-Atlanteren: Goughøya, Tristan da Cunha, St Helena
Kongealbatross Diomedea epomophora VU 27 200 2016 stabil Campbelløya, Aucklandøyane med fleire
manglar norsk namn
eng: Northern royal albatross
Diomedea sanfordi EN 17 000 2008 minkande Chathamøyane aust for New Zealand

Kjelder

  • Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 190. ISBN 0 8160 3377 3. 
  • Haaramo, Mikko (2005): Mikko's Phylogeny Archive: Diomedeidae - albatrosses. Version of 2005-11-15. Retrieved 2006-09-25.
  • Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext
  • Olson, Storrs L. (1985): Section X, H, 1. Diomedeidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 208-210. Academic Press, New York.
  • Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. doi:10.1071/MU01060 (HTML abstract)
  • Rheindt, F. E. & Austin, J. (2005): Major analytical and conceptual shortcomings in a recent taxonomic revision of the Procellariiformes - A reply to Penhallurick and Wink (2004). Emu 105(2): 181-186. doi:10.1071/MU04039 PDF fulltext

Referansar

  1. Gotch, A. F. (1995)
  2. Lindsey, Terence (30. september 2008). Albatrosses. Csiro Publishing. s. 9. ISBN 9780643094215. 
  3. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 21. februar 2022
  4. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  5. BirdLife International (2022) Søk Species factsheet: Phoebastria Henta 21. februar 2022