Hopp til innhald

Angosturabrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. oktober 2008 kl. 12:44 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: la til skanwiki)


Angosturabrua er ei hengjebru over Orinoco 5 kilometer vest for Ciudad Bolívar i Venezuela med eit hovudspenn på 712 meter og ei total lengd på 1678 meter.

Brua er utforma av den lokale ingeniøren Paul Lustgarten og vart opna den 6. januar 1967 av president Raul Leoni. Då ho stod ferdig var ho var den første moderne hengjebrua i Sør-Amerika. Ho bind saman delstaten Bolívar med Anzoátegui. I november 2006 vart Orinocobrua ved Ciudad Guayana opna, fram til då var Angosturabrua einaste brua over Orinoco.