Hopp til innhald

Finnmark fylke: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
s Flikk, tok ut kjeldelaus og ikkje tidfesta setn. og gammalt fylkesting.
Julle (diskusjon | bidrag)
Mallfix, för att undvika felmeddelande.
Line 1: Line 1:
{{Infoboks norsk fylke
{{Infoboks tidlegare norsk fylke
| namn = Finnmark
| namn = Finnmark
| andre namn = Finnmárkku fylka
| andre namn = Finnmárkku fylka

Versjonen frå 23. april 2022 kl. 16:45

Finnmark fylke
Finnmárkku fylka
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Nord-Noreg
Adm.senter Vadsø
Areal 48 616 km²
 •  land 45 984 km²
 •  vatn 2 632 km²
Folketal 75 758 (1. januar 2016)[1]
Fylkesnummer 20
Kart
Finnmark fylke
70°07′09″N 27°35′16″E / 70.11907°N 27.58779°E / 70.11907; 27.58779
Wikimedia Commons: Finnmark
Nettstad: www.ffk.no

Finnmark (nordsamisk Finnmárku,[2] kvensk Finmarkku[3]) er eit tidlegare norsk fylke. Det var det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensa til Troms fylke i vest, til Lappland (kommunane Utsjoki, Inari og Enontekiö) i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket var heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekte 36 % av flatevidda. Frå 1. januar 2020 blei Finnmark del av det nye Troms og Finnmark fylke.

Namnet «Finnmark» tyder 'samelandet'. Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er i Karasjok i Finnmark.

Historie

Finnmark vart etter måten seint ein del av Danmark-Noreg. Sjølv om Vardøhus festning vart bygd som ei markering av dansk kontroll, vart samane i området lenge skattlagt frå tre land. På grunn av grensetvistar med Sverige og Russland har politikken andsynes samane alltid vore ein viktig del av norsk utanrikspolitikk i nord.

Området vart fyrst erklært som ein norsk kronkoloni, og var i til skilnad frå resten av riket direkte underlagd kongen i København. Etter oppløysinga av personalunionen med Danmark på byrjinga av 1800-talet vart det oppgradert til amt og ein integrert del av kongeriket Noreg. Frå 1870 hadde Finnmark telegrafisamband med resten av Noreg.[4]

Fylket vart hardt råka av den andre verdskrigen. Tyske styrkar erobra Noreg i 1940. Tyske okkupasjonsstyrkar vart jaga frå grensa til Russland i oktober 1944, og Kirkenes vart erobra av sovjetiske styrkar 25. oktober 1944. Tyskarane vedtok at innbyggjarane i Finnmark skulle dra sørover, og tvinga dei som ikkje ville til å dra. Då dei tyske styrkane trekte seg tilbake bruka dei brentjordtaktikken, som gjekk ut på å hindra alle ressursar i å tilfalla den raude arméen. Dette innebar at mesteparten av bygningsmassen og infrastrukturen vart brend og øydelagd. Folkesetnaden på nær 60 000 vart tvangsflytt sørover; Den 28. oktober 1944 kom ordren om tvangsflyttinga (eller evakueringa) av folkesetnaden i Finnmark og Nord-Troms.[5] Ein tredel av folkesetnaden rømte unna tvangsflyttinga.[6]

Norske styrkar kom til Kirkenes frå Storbritannia 10. november 1944. Det blei gjeninnført eit sivilt norsk styre, og starta hjelpearbeid for folka som var att. Kort etter krigen sette Stortinget i gang eit omfattande arbeid med å gjenreise Finnmark. Det meste av dette blei gjort i løpet av 8–9 år.[6]

Finnmark fekk sitt første gymnas i 1948, noverande Alta videregående skole.[7]

Næringsliv

Tenestytande sektor er den viktigaste.

Fiske er framleis svært viktig, men ved utbygginga av Snøhvitfeltet utanfor Hammerfest tek Finnmark òg spranget ut i oljealderen. Somme har stor von om oljefunn i Barentshavet, berre ein får bore der.

Det er lenge sidan reindrift var den fremste næringa i fylket.

Etter nedgangen i folketalet og fiskeria, har olje og turisme vorte nye satsingsområde.

Kultur

Sidan Vardøhus festning, som framleis høyrer til Sjøforsvaret, vart bygd for 700 år sidan, har Finnmark vore ein del av Noreg. Vardø kommune kan vise fram fleire kulturskattar i fugleværet på Hornøya og «Lille-Moskva» (Kiberg). Vegen ut mot Hamningberg i Båtsfjord kommune liknar eit månelandskap.

Nordkapp er likevel målet for dei fleste turistane som gjestar Finnmark. Nordkapp har vorte enklare å vitje etter opninga av ny tunnel til Honningsvåg.

I vestfylket ligg Hammerfest, som reknar seg som den nordlegaste byen i Noreg og som er den nest største byen i fylket. I denne delen ligg òg Alta som mellom anna er kjend for helleristningane som er på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Finnmarksvidda i søraust har to tettstader, Kautokeino i vest, og Karasjok i aust. Sistnemnde er sete for Sametinget. NRK Sameradio sender òg derifrå.

Folkesetnad

Trass skattefrådrag og rabatt på studiegjelda, vil mange likevel sørover. For ein del er eit opphald i Finnmark einstydande med eit springbrett. Har ein ei bra utdanning kan ein snøgt få ei god stilling.

Finnmark er ikkje berre eit tospråkleg samfunn, men eit firespråkleg. Attåt norsk og samisk vert det òg snakka kvensk og russisk. Kvensk (eller finsk) vart i 1869 snakka av om lag ein firedel av innbyggjarane i Alta og Vadsø, og det var òg mange kvenar i Porsanger og Hammerfest. Særleg sterkt stod kvensk i Vadsø, som vart kalla kvenbyen. I dag står kvensk sterkast i Børselv i Porsanger (m.a. med eit Kvensk institutt og i Bugøynes i Sør-Varanger. Porsanger kommune er offisielt trespråkleg, men kvensk har ikkje den same støtta frå staten som det samisk har. Russisk har vorte eit nytt innvandrarspråk i Aust-Finnmark. I Kirkenes er mange gater skilta både på norsk og russisk. I grenseområdet mot Russland finn ein vegskilt på russisk.

Administrativ inndeling

Kommunar

Kommunar i Finnmark fylke.
Namn Folkemengd i 2018 Flatevidd km² Område
Vardø kommune Vardø 000000000002110.00000000002 110 000000000000600.0000000000600 Aust-Finnmark
Vadsø kommune Vadsø 000000000006033.00000000006 033 000000000001258.00000000001 258 Aust-Finnmark
Hammerfest kommune Hammerfest 000000000010533.000000000010 533 000000000000849.0000000000849 Vest-Finnmark
Kautokeino kommune Kautokeino 000000000002946.00000000002 946 000000000009707.00000000009 707 Indre Finnmark
Alta kommune Alta 000000000020635.000000000020 635 000000000003849.00000000003 849 Vest-Finnmark
Loppa kommune Loppa 000000000000941.0000000000941 000000000000687.0000000000687 Vest-Finnmark
Hasvik kommune Hasvik 000000000001022.00000000001 022 000000000000556.0000000000556 Vest-Finnmark
Kvalsund kommune Kvalsund 000000000001027.00000000001 027 000000000001844.00000000001 844 Vest-Finnmark
Måsøy kommune Måsøy 000000000001231.00000000001 231 000000000001134.00000000001 134 Vest-Finnmark
Nordkapp kommune Nordkapp 000000000003239.00000000003 239 000000000000925.0000000000925 Vest-Finnmark
Porsanger kommune Porsanger 000000000003964.00000000003 964 000000000004873.00000000004 873 Vest-Finnmark
Karasjok kommune Karasjok 000000000002701.00000000002 701 000000000005453.00000000005 453 Indre Finnmark
Lebesby kommune Lebesby 000000000001349.00000000001 349 000000000003458.00000000003 458 Aust-Finnmark
Gamvik kommune Gamvik 000000000001153.00000000001 153 000000000001415.00000000001 415 Aust-Finnmark
Berlevåg kommune Berlevåg 000000000000983.0000000000983 000000000001120.00000000001 120 Aust-Finnmark
Tana kommune Tana 000000000002922.00000000002 922 000000000004050.00000000004 050 Aust-Finnmark
Nesseby kommune Nesseby 000000000000944.0000000000944 000000000001436.00000000001 436 Aust-Finnmark
Båtsfjord kommune Båtsfjord 000000000002263.00000000002 263 000000000001433.00000000001 433 Aust-Finnmark
Sør-Varanger kommune Sør-Varanger 000000000010171.000000000010 171 000000000003967.00000000003 967 Aust-Finnmark
Finnmark fylke Finnmark 000000000076167.000000000076 167 000000000048616.000000000048 616 Finnmark

Klima, planteliv og dyreliv

Vardø er einaste bykommune i Noreg som ligg i den arktiske klimasona, det vil seie at snitttemperaturen i den varmaste månaden i året ligg under 10 °C. Resten av kysten vert heller ikkje stort varmare om sumaren, men så syter Golfstraumen for at det ikkje vert så mykje kaldare om vinteren heller. På Finnmarksvidda derimot kan ein oppleve både -40° og ned mot -50 °C på det kaldaste. Noregsrekorden for kulde har Karasjok med 51,4 grader, målt 1. januar 1886. På kysten er vinterstormane dei verste, og stengjer dei fleste vegovergangane i laupet av sesongen.

På vidda er temperaturen (om sumaren) ofte godt over 20 °C.

Planteliv og dyreliv

Myggen er om sumaren kjend blant dei som ferierer der som den største plaga, særleg på vidda.

Samferdsel

Øksfjord er hamn for Hurtigruta.

E6 går gjennom heile fylket frå Alta i vest til Kirkenes i aust, der den lengste norske europavegtraseen endar strekket heilt frå Svinesund i sør. Ut frå innbyggjartalet har Finnmark eit svært godt vegnett.

Blant fylkesvegane er Fylkesveg 98 (mellom Hammerfest og Tana bru).

Det finst fleire kortbaneflyplassar: Båtsfjord, Berlevåg, Hammerfest, Vadsø, Hasvik, Honningsvåg, Mehamn og Vardø. Større flyplassar finst i Kirkenes, Lakselv og Alta.

Kommunane i indre Finnmark, Karasjok og Kautokeino, har ikkje flyplassar. Hurtigruta går langs heile Finnmarkskysten og snur i Kirkenes.

Politikk

Fylkestinget i Finnmark hadde 35 representantar.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and population changes, 1 January 2016». Henta 1. juni 2016. 
  2. Lov om endring i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (innføring av tospråklig navn på Finnmark fylke, norsk og samisk). lovdata.no. Vitja 8. september 2018.
  3. kvenskestedsnavn.no
  4. «Landet bindes sammen - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 20. april 2020 
  5. Evakueringa. Dagsavisen. Vitja 2019-10-28
  6. 6,0 6,1 Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein (12. juli 2019). «Finnmarks historie». Store norske leksikon (på norsk). 
  7. Alta videregående skole. Store norske leksikon. Vitja 7. juli 2020