Mark Oliphant: Skilnad mellom versjonar
frå en |
s ' |
||
Line 4: | Line 4: | ||
I [[1925]] overhøyrte han ein tale gjeve av [[Ernest Rutherford]] og valte å søkje arbeid hos han. I [[1927]] vart dette oppfylt ved at han fekk ei stilling ved [[Cavendish-laboratoriet]] ved [[University of Cambridge]] som på denne tida låg lengst framme på forsking innan [[kjernefysikk]]. Oliphant sine bidrag i denne perioden var oppdaginga av [[helium|helium-3]] og [[tritium]]. Han observerte [[kjernefysisk fusjon]] for første gongen i [[1932]] |

Oliphant vart utnemnt til professor i fysikk ved [[University of Birmingham]]. Her arbeidde han òg med vidareutvikling av [[radar]]ar. Ved utbrotet av [[andre verdskrigen]] hadde kollegaer ved universitetet i Birmingham (Otto Frisch og Rudolf Peierls) berekna at ei atombombe basert på <sup>235</sup>[[uran]] var mogleg. Marker Oliphant vart overtydd om at det var naudsynt å utvikle ei atombombe på alliert side og øvde sterkt påtrykk både i [[Storbritannia]] og [[USA]] for å få dette arbeidet i gang. Etter åtaket på [[Pearl Harbor]] kom USA med i krigen og arbeidet med atombomba vart starta opp kort tid etter i [[Manhattanprosjektet]]. Frå november [[1943]] deltok Oliphant i prosjektet som medlem av den britiske delegasjonen, men konsentrerte seg om arbeidet med |
Oliphant vart utnemnt til professor i fysikk ved [[University of Birmingham]]. Her arbeidde han òg med vidareutvikling av [[radar]]ar. Ved utbrotet av [[andre verdskrigen]] hadde kollegaer ved universitetet i Birmingham (Otto Frisch og Rudolf Peierls) berekna at ei atombombe basert på <sup>235</sup>[[uran]] var mogleg. Marker Oliphant vart overtydd om at det var naudsynt å utvikle ei atombombe på alliert side og øvde sterkt påtrykk både i [[Storbritannia]] og [[USA]] for å få dette arbeidet i gang. Etter åtaket på [[Pearl Harbor]] kom USA med i krigen og arbeidet med atombomba vart starta opp kort tid etter i [[Manhattanprosjektet]]. Frå november [[1943]] deltok Oliphant i prosjektet som medlem av den britiske delegasjonen, men konsentrerte seg om arbeidet med [[oppriking]] av uran-235. Han tok opp att stillinga som professor ved universitetet i Birmingham etter [[Tyskland]] kapitulerte i [[1945]]. |
||
Då atombombene vart sleppte over [[Japan]] vart motførestellingane han hadde fått mot atomvåpen i løpet av Manhattanprosjektet forsterka. I [[1950]] vende han tilbake til Australia og vart leiar for «Research School of Physical Sciences» ved det nyoppretta [[Australian National University]]. Han vart adla i [[1959]], pensjonert i [[1967]] og frå [[1971]] til [[1976]] var han [[guvernør i Sør-Australia]]. Marker Oliphant døydde i [[Canberra]] i [[2000]], 98 år gammal. |

Versjonen frå 4. april 2015 kl. 23:34
Sir Marcus «Mark» Laurence Elwin Oliphant fødd 8. oktober 1901 i Kent Town i Adelaide, død 14. juli 2000 i Canberra var ein australsk fysikar som spelte ei nøkkelrolle i utviklinga av atombomba. Han deltok òg i humanitært arbeid. Han sikta først på ein karriere innan medisin eller odontologi, men valte etter påverknad frå fysikkforelesaren tidleg i studia å bli fysikar.
I 1925 overhøyrte han ein tale gjeve av Ernest Rutherford og valte å søkje arbeid hos han. I 1927 vart dette oppfylt ved at han fekk ei stilling ved Cavendish-laboratoriet ved University of Cambridge som på denne tida låg lengst framme på forsking innan kjernefysikk. Oliphant sine bidrag i denne perioden var oppdaginga av helium-3 og tritium. Han observerte kjernefysisk fusjon for første gongen i 1932
Oliphant vart utnemnt til professor i fysikk ved University of Birmingham. Her arbeidde han òg med vidareutvikling av radarar. Ved utbrotet av andre verdskrigen hadde kollegaer ved universitetet i Birmingham (Otto Frisch og Rudolf Peierls) berekna at ei atombombe basert på 235uran var mogleg. Marker Oliphant vart overtydd om at det var naudsynt å utvikle ei atombombe på alliert side og øvde sterkt påtrykk både i Storbritannia og USA for å få dette arbeidet i gang. Etter åtaket på Pearl Harbor kom USA med i krigen og arbeidet med atombomba vart starta opp kort tid etter i Manhattanprosjektet. Frå november 1943 deltok Oliphant i prosjektet som medlem av den britiske delegasjonen, men konsentrerte seg om arbeidet med oppriking av uran-235. Han tok opp att stillinga som professor ved universitetet i Birmingham etter Tyskland kapitulerte i 1945.
Då atombombene vart sleppte over Japan vart motførestellingane han hadde fått mot atomvåpen i løpet av Manhattanprosjektet forsterka. I 1950 vende han tilbake til Australia og vart leiar for «Research School of Physical Sciences» ved det nyoppretta Australian National University. Han vart adla i 1959, pensjonert i 1967 og frå 1971 til 1976 var han guvernør i Sør-Australia. Marker Oliphant døydde i Canberra i 2000, 98 år gammal.
Prisar (utval)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mark Oliphant» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2013.