Hopp til innhald

Djerv 1919: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Addbot (diskusjon | bidrag)
s robot: fjerna 4 interwikilenkjer som er flytte til d:q2760418Wikidata
Line 12: Line 12:
I 2011 spelar Djerv 1919 på 4. nivå i norsk fotball.
I 2011 spelar Djerv 1919 på 4. nivå i norsk fotball.


[[Kategori:Fotballag i Rogaland]]
[[Kategori:Fotballag i Haugesund]]
[[Kategori:Haugesund kommune]]
[[Kategori:Fotballklubbar skipa i 1919]]
[[Kategori:Skipingar i 1919]]

Versjonen frå 11. mai 2013 kl. 18:10

Sportsklubben Djerv 1919 er ein fotballklubb i Haugesund. Klubben spelte i 1. divisjon i 1988, men rykka ned etter å ha sett rekord i talet baklengsmål. Djerv 1919 nådde semifinalen i noregsmeisterskapen 1986, laget tapte 0-1 for Tromsø IL.

Lagssoge

Klubben vart stifta i 1919, og for å unngå samanblanding med Sportsklubben Djerv i Bergen, fekk han namnet Djerv 1919.

Gjennom 1960- og 1970-åra var Djerv 1919 ein veslebror i Haugesunds-fotballen. Både Haugar og Vard hevda seg i norsk fotball, Djerv 1919 høyrde heime i dei lokale fotballseriane.

Frå siste halvdelen av 1980-åra kjempa klubben om hegemoniet mellom klubbane i Haugesund. 1988-sesongen spelte klubben for første og einaste gongen i toppserien.

Djerv 1919 spela på nivå 2 i norsk fotball i 1993-sesongen. Etter sesongslutt vart det semje om danne ein ny klubb i Haugesund, som skulle overta dei beste spelarane i klubbane Djerv 1919 og Haugar. Målsettinga var å skape eit stabilt eliteserielag. Den nye klubben, FK Haugesund, vart stifta på ei generalforsamling den 28.oktober 1993. FK Haugesund overtok då Djerv 1919 sin plass i det norske seriesystemet.

I 2011 spelar Djerv 1919 på 4. nivå i norsk fotball.