Hopp til innhald

Hersketeknikk: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Opphav til omgrepet: Tillegg om Ingjald Nissen og Nina Karin Monsen.
Line 9: Line 9:


==Opphav til omgrepet==
==Opphav til omgrepet==
Berit Ås fekk ein æresdoktorgrad i Danmark for arbeidet sitt med mannlege hersketeknikkar. Eit undervisningsmateriale om hersketeknikkar er omsett til tolv språk. Det var likevel ikkje ho som lanserte omgrepet. Filosofen Ingjald Nissen analyserer hersketeknikkar i verket ''Moralfilosofi og hersketeknikk. En studie over George Edward Moore’s verdilære'' (Aschehoug 1948). «Riktignok har jeg videreutviklet og nyttiggjort meg teoriene, og arbeidet rundt i verden i mer enn 30 år med hvordan de kan avsløres, men lansert begrepet har jeg altså ikke....Jeg er opptatt av hvordan personer og organisasjoner kan motarbeide dem og frigjøre seg fra teknikkenes ødeleggende virkninger – på enkeltmenneskers helse og på truede demokratiske prinsipper», skriv Berit Ås sjølv.<ref>[http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=148 Bokmelding av Berit Ås i ''Prosa'' 03|07]</ref>
Berit Ås fekk ein æresdoktorgrad i Danmark for arbeidet sitt med mannlege hersketeknikkar. Eit undervisningsmateriale om hersketeknikkar er omsett til tolv språk. Men det var ikkje ho som først lanserte omgrepet. Filosofen og psykologen [[Ingjald Nissen]] omtalte hersketeknikkar alt i 1945 i verket ''Psykopatenes diktatur''. Dette peikar også Berit Ås . «Riktignok har jeg videreutviklet og nyttiggjort meg teoriene, og arbeidet rundt i verden i mer enn 30 år med hvordan de kan avsløres, men lansert begrepet har jeg altså ikke...Jeg er opptatt av hvordan personer og organisasjoner kan motarbeide dem og frigjøre seg fra teknikkenes ødeleggende virkninger – på enkeltmenneskers helse og på truede demokratiske prinsipper»», skriv Berit Ås tidsskriftet ''Prosa''.<ref>[http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=148 Bokmelding av Berit Ås i ''Prosa'' 03|07]</ref>
==Ingjald Nissen sine hersketeknikkar==
Filosof [[Nina Karin Monsen]] har kritisert Berit Ås for lenge å ha underslått at ei rekkje hersketeknikkar vart analysert av Ingjald Nissen tidlegare. Desse er i stor grad samanfallande med Berit Ås sine. Monsen har oppsummert Nissen sine hersketeknikkar slik:

I ''Psykopatenes diktatur'' nemner Nissen spesielt:
:1) Ein er alltid i kamphumør og kampform. Individet brukar sin energi på reelle og innbilte konkurransar.
:2) Ein spelar på kjensler, suggererer andre og intrigerer. Ein held sår opne.
:3) Ein forbyr omtale av ømtålege spørsmål. Slik lammar ein andre sin intelligens.

I ''Menneskelige oppgaver og utveier'' frå 1966 nemner Nissen:
:1) Ein står fram full av forventningar til andre, skaffar seg beundring, blir elska, og får dermed ei sentral rolle.
:2) Når ei forventning blir tilfredsstilt, framkallar ein strakt ei ny forventning, og ein skapar uvisse om ein blir nøgd.
:3) Ein framkallar skuldkjensle hos sine medmenneske.
:4) Den herskesjuke aktiverer andre sine kjensler av usikkerheit, underlegenheit og mindreverd. Ein styrer andre i den retninga ein ønskjer.
:5) Ein bringar andre inn i eigne konflikar og kampar. Denne teknikken kan brukast på fire måtar: A. Ein brukar andre sin energi i eigne interesser og trøttar dei ut. B. Ein skrur opp forventningane til andre sin innsats. C. Ein går til åtak på den svakaste i krinsen og andre blir tvinga inn i kampen igjen. D. Ein forstørrar alle feil og manglar hos andre slik at dei veks til enorme karakterfeil.
:6) Ein sørgjer for at andre blir prykisk avhengige av ein sjølv. Det kan gjerast på tre måtar: A. Ein lyttar seg fram til kva andre verkeleg vil høyra og seier det. B. Ein tilgir andre og hjelper dei med skuld- og skamkjensler og samvitskvaler. C. Ein skaper takksemd hos andre ved å arbeida hard med dei, og deretter halda opp.<ref>[http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070831/OAKTUELT001/708310030 ''Feministoppgjør''. Nina Karin Monsen i ''Morgenbladet''.]</ref>


==Litteratur==
==Litteratur==

Versjonen frå 3. desember 2010 kl. 21:59

Hersketeknikk er ei nemning for ei rekkje metodar ein person eller ei gruppe kan bruka for å audmjuka og herska over andre personar eller grupper. Hersketeknikkar blir brukte på alle arenaer der menneske utøver makt, i familieliv, arbeidsliv, politikk og samfunnsliv. Sosialpsykolog og tidlegare SV-leiar Berit Ås lanserte i 1981 i boka «Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring» fem mannlege hersketeknikkar. Sidan den tid har omgrepet hersketeknikk vore ein del av det norske språket. Omgrepet har også blitt kjent i mange andre land. Ås såg omgrepet i eit kjønnspolitisk perspektiv. Seinare har det blitt utvida til å gjelda maktutøving på mange ulike område.

Dei fem hersketeknikkane

  • Usynleggjering
  • Latterleggjering
  • Å halda tilbake informasjon
  • Dobbeltstraff
  • Å påføra skuld og skam

Opphav til omgrepet

Berit Ås fekk ein æresdoktorgrad i Danmark for arbeidet sitt med mannlege hersketeknikkar. Eit undervisningsmateriale om hersketeknikkar er omsett til tolv språk. Men det var ikkje ho som først lanserte omgrepet. Filosofen og psykologen Ingjald Nissen omtalte hersketeknikkar alt i 1945 i verket Psykopatenes diktatur. Dette peikar også Berit Ås på. «Riktignok har jeg videreutviklet og nyttiggjort meg teoriene, og arbeidet rundt i verden i mer enn 30 år med hvordan de kan avsløres, men lansert begrepet har jeg altså ikke...Jeg er opptatt av hvordan personer og organisasjoner kan motarbeide dem og frigjøre seg fra teknikkenes ødeleggende virkninger – på enkeltmenneskers helse og på truede demokratiske prinsipper»», skriv Berit Ås tidsskriftet Prosa.[1]

Ingjald Nissen sine hersketeknikkar

Filosof Nina Karin Monsen har kritisert Berit Ås for lenge å ha underslått at ei rekkje hersketeknikkar vart analysert av Ingjald Nissen tidlegare. Desse er i stor grad samanfallande med Berit Ås sine. Monsen har oppsummert Nissen sine hersketeknikkar slik:

I Psykopatenes diktatur nemner Nissen spesielt:

1) Ein er alltid i kamphumør og kampform. Individet brukar sin energi på reelle og innbilte konkurransar.
2) Ein spelar på kjensler, suggererer andre og intrigerer. Ein held sår opne.
3) Ein forbyr omtale av ømtålege spørsmål. Slik lammar ein andre sin intelligens.

I Menneskelige oppgaver og utveier frå 1966 nemner Nissen:

1) Ein står fram full av forventningar til andre, skaffar seg beundring, blir elska, og får dermed ei sentral rolle.
2) Når ei forventning blir tilfredsstilt, framkallar ein strakt ei ny forventning, og ein skapar uvisse om ein blir nøgd.
3) Ein framkallar skuldkjensle hos sine medmenneske.
4) Den herskesjuke aktiverer andre sine kjensler av usikkerheit, underlegenheit og mindreverd. Ein styrer andre i den retninga ein ønskjer.
5) Ein bringar andre inn i eigne konflikar og kampar. Denne teknikken kan brukast på fire måtar: A. Ein brukar andre sin energi i eigne interesser og trøttar dei ut. B. Ein skrur opp forventningane til andre sin innsats. C. Ein går til åtak på den svakaste i krinsen og andre blir tvinga inn i kampen igjen. D. Ein forstørrar alle feil og manglar hos andre slik at dei veks til enorme karakterfeil.
6) Ein sørgjer for at andre blir prykisk avhengige av ein sjølv. Det kan gjerast på tre måtar: A. Ein lyttar seg fram til kva andre verkeleg vil høyra og seier det. B. Ein tilgir andre og hjelper dei med skuld- og skamkjensler og samvitskvaler. C. Ein skaper takksemd hos andre ved å arbeida hard med dei, og deretter halda opp.[2]

Litteratur

  • Ingjald Nissen, 1948, Moralfilosofi og hersketeknikk. En studie over George Edward Moore's verdilære.
  • Berit Ås, 1981, Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring.
  • Hilde Sandvik og Jon Risdal, 2007, Hersketeknikk. En slags håndbok.

Bakgrunnsstoff

Kjeldetilvisingar