Tor Fuglevik: Skilnad mellom versjonar
s føddmal |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 1: | Line 1: | ||
'''Tor Aslak Fuglevik''' {{fødd|7.april|1950|Fuglevik, Tor}} i [[Kristiansand]]). Norsk [[journalist]] og medieleiar. |
'''Tor Aslak Fuglevik''' {{fødd|7. april|1950|Fuglevik, Tor}} i [[Kristiansand]]). Norsk [[journalist]] og medieleiar. |
||
{{Infoboks biografi |
{{Infoboks biografi |
Versjonen frå 10. juni 2010 kl. 20:44
Tor Aslak Fuglevik fødd 7. april 1950 i Kristiansand). Norsk journalist og medieleiar.
Tor Fuglevik | |
Nasjonalitet | norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7.april 1950 (74 år) Kristiansand kommune |
Yrke | journalist og medieleiar |
Språk | norsk |
Tor Fuglevik på Commons |
Fuglevik er direktør i det internasjonale mediekonsernet Modern Times Group (MTG), som mellom anna eig Viasat, TV3 og P4.
Bakgrunn
Fuglevik tok eksamen frå Norsk journalistskule i 1971, og Samfunnsvitskapeleg embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1975.
Fuglevik starta i NRK Radio i 1971 som nyhendereporter i Dagsnytt som 21-åring. I 1976-1977 var han informasjonssjef i Justisdepartementet, og 28 år gamal vart Fuglevik i 1978 sjef for NRK Sørlandet. Han var så sjef for NRK Austlandssendinga (1984-1986), assisterande radiodirektør i NRK P1 (1986-1988) og radiodirektør i NRK (1989-2000). Fuglevik var vara-kringkastingssjef og direktør for NRK Futurum 2000-2001.
Som radiodirektør var Fuglevik mellom anna ansvarleg for innføringa av eit nytt, nasjonalt trekanaltilbod med kanalane P1, P2 og Petre i 1993, for verdas første heildigitale radiokanal NRK Alltid Klassisk i 1995 og for etableringa av Noregs første nyhendekanal, NRK Alltid Nyheter, i 1997.
Etter 30 år i NRK slutta han i 2001 som vara-kringkastingssjef i NRK for å bli administrerande direktør i Norges televisjon (NTV). Her leia Fuglevik den faglege og politiske prosessen fram til Stortinget si endelege avgjerd i 2004 om byggjing av det landsdekkjande, digitale tv-nettet som NRK og RiksTV i dag nyttar.
Fuglevik slutta i NTV i 2006 etter endt årmål, og vart same år tilsett som direktør i MTG.
Anna verksemd
Bokmålsmannen Fuglevik har jamvel som mangeårig radiodirektør i NRK og som medlem av styret i Språkrådet engasjert seg for nynorsken si stilling i Noreg. I 2009 tok han til orde for at dei store landsdekkjande Oslo-avisene skal bli fråtekne den store, indirekte statsstøtta i form av såkalla nullmoms dersom dei held fram med å undertrykke nynorskjournalistikken. Det vart det i ettertid mykje bråk av.
Fuglevik har gjeve ut fleire bøker om kringkasting. Han har hatt leiande verv i den europeiske kringkastingsunionen EBU, og har vore medlem av styra i mellom anna Språkrådet og Det Norske Samlaget. Fuglevik fekk i 2008 Prix Radio sin heiderspris for å ha hatt "ansvaret for mye av moderniseringen av radiomediet i Norge"[1].
Referanser
Sitat (http://www.ordtak.com/forfatter.php?fn=Tor&ln=Fuglevik)
Eksterne lenker
- Artikkel i Store norske leksikon
- En "tyv" med hjerte for klassisk musikk (Artikkel i tidsskriftet Ballade)
- Intervju med Tor Fuglevik i Aftenposten 24.1.2009