Hopp til innhald

Molotov-Ribbentrop-pakta: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
ArthurBot (diskusjon | bidrag)
Xqbot (diskusjon | bidrag)
Line 38: Line 38:
[[br:Emglev Molotov-Ribbentrop]]
[[br:Emglev Molotov-Ribbentrop]]
[[bg:Пакт Рибентроп-Молотов]]
[[bg:Пакт Рибентроп-Молотов]]
[[ca:Pacte Molotov-Ribbentrop]]
[[ca:Pacte Mólotov-Ribbentrop]]
[[cs:Pakt Ribbentrop-Molotov]]
[[cs:Pakt Ribbentrop-Molotov]]
[[de:Deutsch-sowjetischer Nichtangriffspakt]]
[[de:Deutsch-sowjetischer Nichtangriffspakt]]

Versjonen frå 18. mai 2010 kl. 21:54

Delinga etter Molotov-Rippentrop-pakta
Molotov (sitjande), Ribbentrop (bak Molotov) og Stalin

Molotov–Ribbentrop-pakta, også kalla Hitler-Stalin-pakta, var ei ikkje-angrepspakt mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Den blei underteikna i Moskva den 23. august 1939, vel ei veke før den andre verdskrigen braut ut. Namnet på pakta viser til dei sovjetiske og tyske utanriksministrane, Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov og Joachim von Ribbentrop, som underteikna avtalen.

Pakta omfatta ein hemmeleg tilleggsprotokoll, der partane delte Sentral- og Aust-Europa i innflytelsessfærar. Blant anna blei det avtalt at Estland og Latvia skulle tilfalle Sovjetunionen, medan Litauen skulle tilfalle Tyskland. Det dåverande Polen blei delt mellom landa; Tyskland fekk dei vestlege områda, som i hovudtrekk hadde vore tyske eller austerrikske før den første verdskrigen, og Sovjetunionen fekk områda aust for Curzon-lina som hadde vore russiske før krigen.

Pakta gjorde landa til eit slags allierte, og dei gjennomførte i byrjinga av september 1939 eit felles angrep på Polen. Polen fall raskt, og det blei gjennomført paradar frå begge land i grensebyane. Nazi-Tyskland sitt angrep på Sovjetunionen den 22. juni 1941, Operasjon Barbarossa, gjorde slutt på pakta. Sovjetunionen allierte seg deretter med Storbritannia, som allereie var i krig med Nazi-Tyskland.

Den sovjetiske okkupasjonen av dei baltiske landa

Midt i juni 1940, medan den internasjonale merksemda var retta mot den tyske invasjonen av Frankrike, angreip sovjetiske NKVD-tropper grensestasjonar i Estland, Latvia og Litauen. Styresmaktene i landa vart likvidert, og erstatta med sovjetiske kadrar. Om lag 34.250 latviarar, 75.000 litauarar og nesten 60.000 estarar vart drepne eller deporterte. Det vart halde val, der det for det meste vart stilt kandidatar som var pro-sovjetiske. Dette gav nasjonalforsamlingar som bad om at landa vart tatt opp i Sovjetunionen, noko som naturlegvis vart innvilga. Sovjetunionen okkuperte heile Litauen, også område området Scheschupe, som skulle gå til Tyskland.

At Sovjetunionen hadde inngått ein slik avtale med Tyskland allereie før krigen begynte, blei ikkje innrømt av dei sovjetiske styresmaktene før i 1989. Då laga 2 millionar estarar, latviarar og litauarar ei over 600 km ubroten menneskelenke på 50-årsmarkeringa, kalla Den baltiske vegen, i protest mot den russiske okkupasjonen av dei tre landa. I 2004, på 15-årsdagen for denne menneskelenka, uttalte Litauen sin parlamentsleiar, Arturas Paulauskas, at dette var generalprøva for dei baltiske landa si frigjering frå Sovjetunionen. Av dei tre landa erklærte Litauen seg uavhengig først, litt over seks månader seinare.


Mal:Link UA

Mal:Link FA