Byen Pisco: Skilnad mellom versjonar
s robot: fjerna skanwikikommentar |
s Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida |
||
Line 10: | Line 10: | ||
== Kjelde == |
== Kjelde == |
||
* [[:en:Pisco, Peru Artikkelen om Pisco på engelsk Wikipedia]] |
* [[:en:Pisco, Peru Artikkelen om Pisco på engelsk Wikipedia]] |
||
{{Autoritetsdata}} |
|||
[[Kategori:Byar i Peru]] |
[[Kategori:Byar i Peru]] |
Siste versjonen frå 21. mars 2016 kl. 21:36
Byen Pisco er hovudstad i Pisco-distriktet i Ica-regionen i Peru. Han er ein kystby ca. 20 kilometer nord for halvøya Paracas. Den moderne byen Pisco blomstra opp i eit vingardsområde kor det no skjer framstilling av det peruansk-chilenske brennevinet kjent som pisco. Han kan ha røter frå ein av dei store tidlegare sivilisasjonar i Peru, paracaskulturen.
Ved Plaza de Armas finst herskapshuset som den argentinske generalen José de San Martín budde i og ein statue av personen. Blant andre bygningar i byen kan ein nemne katedralen Iglesia de la Compañía som vart påbegynt i 1689, han kan vise ein nydeleg uthoggen preikestol og eit alter med gullblad.
Byen vart hardt råka av jordskjelvet i Peru 2007.
Ikkje langt frå byen, rett ved vegen mot Ayacucho ligg den vel preserverte inkastaden Tambo Colorado og like ved på Paracas-halvøya ligg geoglyfen El Candelabro. Området rundt byen er mykje vitja på grunn av konsentrasjonen av marint fugle og dyreliv i naturreservatet Reserva Nacional de Paracas, òg kalla dei peruanske Galapagosøyane.