Hopp til innhald

Dikt: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
s Attenderulla endring gjord av 185.117.194.5 (diskusjon) til siste versjonen av Ranveig
Merke: Attenderulling
s Attenderulla endringane gjorde av 156.52.146.198 (diskusjon) til siste versjonen av Ranveig
Merke: Attenderulling
 
(21 mellomliggjande versjonar av 13 brukarar er ikkje viste)
Line 15: Line 15:
* [http://dikt.org Dikt.org] - nettforum for deling av dikt
* [http://dikt.org Dikt.org] - nettforum for deling av dikt
* [http://www.dikt.no Dikt.no] - diktforum med mengder av publiserte dikt
* [http://www.dikt.no Dikt.no] - diktforum med mengder av publiserte dikt
* [http://www.lyrikkmagasinet.no/ Lyrikkmagasinet]
* [http://www.lyrikkmagasinet.no/ Lyrikkmagasinet] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20110811022704/http://www.lyrikkmagasinet.no/ |date=2011-08-11 }}
{{Autoritetsdata}}
{{Autoritetsdata}}



Siste versjonen frå 17. april 2024 kl. 11:58

Dikt, også kalla poesi og lyrikk, er ein sjanger innanfor skjønnlitteraturen som har desse kjenneteikna:

Tekstane er ofte relativt korte, somtid svært korte, og denne ord-økonomiseringa medfører at mykje meining må leggjast i kvart ord. Tekstane består av linjer, ikkje setningar.

Dei fleste former for dikt har ein klar musikalitet. Truleg er dikt opphavleg meint å skulle syngjast eller bli messa fram, kanhende dansast til. Musikaliteten i dikta får ein for det første fram ved at linjene har fast rytme, i ulike rytme-mønster. For det andre gir det og ein musikalsk effekt at ein i dikt ofte finn ulike typar rim. Dei vanlegaste er kanskje ende-rim, der dei siste orda i linjene rimer på kvarandre i ulik rekkjefølgje, og framlyd-rim (allitterasjon), der første lyden i minst to ord på ei eller helst to linjer rimer. I somme høve kan ulike rimtypar setjast saman til heile lyd-bilde, som liksom illustrerer innhaldet.

Somme av orda i dikta er ofte symbolske bilde, av to typar, samanlikningar og metaforar. Ei samanlikning har eit samanliknings-ord, ofte «som» eller «lik», mens metaforen ikkje har det.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]