Diskusjon:Okloreaktoren
Eg har retta ein grov faktafeil som var arva frå kjelda Store Norske Leksikon. Det gjeld bruk av MWh (feil, 108 MWh er det same som huset mitt brukar i fem år) i staden for TWh (rett) i energimengda. Rettinga har eg kome fram til ut frå dei andre tala som står her; dei viser at energimengda er feil, og tyder elles på at det berre er eininga som er direkte feil i Store Norske. Dette gjev ein vanske: Det er ikkje lenger heilt rett at artikkelen er henta frå Store Norske. Ny som eg er, veit eg ikkje korleis dette bør taklast. Kommentarar?
Rettinga gjev elles ei energimengd innanfor det som står i tysk Wikipedia. Dei brukar likevel mykje meir runde tal, noko som er det rette med så usikre tal. Det ville likevel bli ei større omskriving å lage ein artikkel som handterer dei usikre tala meir korrekt her. Talet er av same storleiksorden (men litt over ) som det som Store Norske nemner om moderne kjernekraftverk, men eg har i staden valt å skrive «rundt rekna». --Afiskaren (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 20:08 (CEST)
- Bra tenkt. Problemet du peiker på, om tilvisinga til kjelder, er eit generelt problem som eg ikkje veit om vi har noka god løysing på. Men eit trekk i riktig retning kan vere å skrive at artikkelen byggjer på osv. --Knut (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 21:17 (CEST)
Det er fleire feil i denne artikkelen, m.a. blandar ein saman termisk og elektrisk energi. Vidare er det i Oklo snakk om mange reaktorsoner og ikkje ein reaktor. Andre språk har tilsvarande reactorar under naturlege reaktorar og ikkje under Okloreaktoren. iw-lenkene er òg feil.
Når det gjeld kjeldebruk så har nynorsk wiki si eiga tolking av dette som ein ikkje nytter på andre wiki språk ved omsetting av heile eller delar av wiki-artiklar. Merkinga med - Denne artikkelen byggjer på - ved overføringa frå andre språk er særs uheldig for nynorsk-wiki sidan det gir artiklar våre eit stempel av å vere mindreverdige i høve til andre wiki-språk sjølv om dei kan vere både oppdataterte, utvida, har funna fram originalkjeldene og retta feil. Det er sølvsagt lite motiverande for den som gjer ein stor jobb med omsetting, oppdatering, sjekking av kjelder, osv. å heile tida få dette stempelet. Når det gjeld eksterne kjeldetilvisingar utanom wiki er det ein sjølvsagt ting at det må gjerast. Thesam (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:03 (CEST)
- Eg synst vi gjer rett i å kreditere originalartikkelen, sjølv om ikkje alle andre wikier har same praksisen. Det uheldige er at når artikkelen utviklar seg vidare, blir opplysninga etterkvart feil. Dette kunne vi løyst ved å bruke fotnotar på dei avsnitta som er omsette, men sidan mange meiner at det et brudd på ein overordna regel å bruke wikipedia som kjelde, går ikkje det heller. Men nye folk gir nye tankar, så kanskje vi løyser dette også, med tida. --Knut (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:30 (CEST)
For å kreditere orginial-artikkelen, må ein vite kva som er originalartikkelen. Ofte er dei ulike språkversjonane bare ei omsetting eller eit samandrag av den engelske. Når eg legg inn noko som eg har laga så tar eg det for gitt at andre wiki-språk omsette det utan å oppgi kor det kom i frå. Eit døme på kor toskete praksisen på nynorsk-wiki er, er artikkelen Onsala. Thesam (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:49 (CEST)