Yrke
Yrke, erverv eller profesjon er eit arbeid ein person er trent i eller har som leveveg.[1] Innan dei fleste yrke treng ein ein viss grunnleggjande kompetanse og kunnskap.[2] Dette kan ein få gjennom teoretisk utdanning, praktisk opplæring eller erfaring. Nokre yrkestitlar kan også vera verna, slik at ein treng godkjenning eller løyve for å utføra dei. Yrket kan vera ein viktig del av identiteten og statusen til ein person.[2][3] Folk frå liknande yrkesgrupper kan slutta seg saman i fagforeiningar, laug og liknande.
Yrke kan klassifiserast på ulike måtar. Den internasjonale standarden ISCO-08, utarbeidd av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO og tilpassa norske tilhøve av Statistisk Sentralbyrå, deler yrkeslivet inn i 10 hovudfelt:[2]
- 1. Leiarar
- 2. Akademiske yrke
- 3. Høgskuleyrke
- 4. Kontoryrke
- 5. Sal- og serviceyrke
- 6. Bønder, fiskarar mv.
- 7. Handverkarar
- 8. Prosess- og maskinoperatørar, transportarbeidarar mv.
- 9. Reinhaldarar, hjelpearbeidarar mv.
- 0. Militære yrke og uoppgitt
Kjelder
endre- ↑ «Yrke», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 11. mai 2016
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Marit Getz Wold, Inger Håland (28. februar 2011), «Yrke - et viktig kjennemerke i folks liv», Samfunnsspeilet
- ↑ Mari Gisvold (05.01.2011), Kunnskap, makt og penger
Bakgrunnsstoff
endre- Nasjonalt senter for realfagsrekruttering: Velg riktig yrke Arkivert 2014-08-13 ved Wayback Machine.Denne samfunnsartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.