Virveldyr
Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.
Virveldyr | |
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris). | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata Cuvier, 1812 |
Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.
Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.
Eigenskapar
endreFleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:
- Forbetra hjerne og sanseapparat. Hjernedelane som allereie fanst, for- og mellomhjerne, blei utvida bakover med midthjerne, hjernebru og forlenga marg. Mellomhjernen gav opphav til linseauge, som gjer det mogleg å ikkje berre skilja mellom lyst og mørkt, men også å fokusera. I tillegg oppstod sidelinjeorganet, som mellom anna kan sansa rørsle i vatn. Eit avsnitt av dette organet blei forskjøve inn i hovudet der det danna labyrinten, eit kombinert hørsels-, likevekts- og rørsleesorgan.
- Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett.
- Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut.
- Kretsløpssystemet fekk eit hjarte med framkammer (atrium), hjartekammer (ventriculum) og klaffar. Blodet inneheld raude blodlekamar.
- Ekskresjonsorgana var ikkje lenger fordelte i heile kroppen, men blei samla til eitt par nyrer med kvar sin urinleiar.
Inndeling
endreVirveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:
- Slimålar (som faktisk manglar virvellekamar)
- Niauge
- Kjevemunnar
- Bruskfiskar
- Osteognathostomata («beinkjevemunnar»)
- Sarcopterygii («kjøttfinna dyr»)
- Kvastfinnefiskar
- Lungefiskar
- Landlevande virveldyr
- Amfibie
- Amniondyr
- Pattedyr
- Sauropsid
- Skjelpadder
- Lepidosauria («skjeløgler»)
- Archosauria («urøgler»)
- Strålefinna fiskar
- Sarcopterygii («kjøttfinna dyr»)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Virveldyr» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Hvirveldyr» frå Wikipedia på dansk, og «Vertebrate» frå Wikipedia på engelsk den 14. mars 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) virveldyr hos Artsdatabanken
- (en) virveldyr – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) virveldyr i Encyclopedia of Life
- (en) virveldyr hos Fauna Europaea
- (en) virveldyr hos Fossilworks
- (en) virveldyr hos ITIS
- (en) virveldyr hos NCBI
- (en) Kategori:Vertebrata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Vertebrata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Vertebrata – detaljert informasjon på Wikispecies