Tvedestrand
Tvedestrand er ein by og administrasjonssenteret i Tvedestrand kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg i ei trong gryte inst i Tvedestrandfjorden, som er den indre delen av Oksefjorden. Tvedestrand har 2 726 innbyggjarar per 1. januar 2023. Om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Tvedestrand kommune bur i tettstaden.
Tvedestrand | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Tvedestrand | ||
Areal | 2,27 km² | ||
Folketal | 2 726 (2023) | ||
Folketettleik | 1 201 / km² | ||
Postnummer | 4900 TVEDESTRAND | ||
Tvedestrand 58°37′19″N 8°55′53″E / 58.62194444°N 8.93138889°E | |||
Wikimedia Commons: Tvedestrand (city) |
Tvedestrand hadde vore ein liten strandstad med noko mindre industri då det i 1738 vart utskipningshamn for Næs Jernværk. Staden vart ladestad i 1836 og bykommune året etter. Tvedestrand mista bystatusen då han vart slått saman med kommunane Holt og Dypvåg i 1960. Kommunen vedtok bystatus for Tvedestrand att i 1997.
Tvedestrand er særprega av kvite trehus, tronge gågater og bratte trapper ned mot fjorden og hamna. Frå kaiene fører to gater opp til forretningsstrøket med den litle innsjøen Tjenna. Byen profilerer seg som Bokbyen ved Skagerrak og det blir stelt til fleire arrangement knytte til bøker og litteratur gjennom heile året. Hovudgata ned mot hamna har fleire antikvariat og bruktbokbutikkar. I byen står Tvedestrand kyrkje, ei langkyrkje frå 1860. Tvedestrand har ein lokalitet av Tvedestrand og Åmli vidaregåande skole, som tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering.[1]
Europaveg 18 går gjennom Tvedestrand kommune og passerer to kilometer nordvest for tettstaden Tvedestrand. Lokalavisa er Tvedestrandsposten som kjem ut tre dagar i veka.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Tvedestrand og Åmli videregående skole». Store norske leksikon. 10. desember 2012. Henta 27. januar 2018.
- ↑ «Tvedestrand». Store norske leksikon. 28. september 2017. Henta 27. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Tvedestrand Arkivert 2018-02-22 ved Wayback Machine. – Informasjon frå Tvedestrand kommune
- Tvedestrand - visitnorway.no Arkivert 2018-01-27 ved Wayback Machine. – Turistinformasjon om Tvedestrand
- Tvedestrand By – Informasjon om føretak og handverkarar i Tvedestrand