Tubaelva
Tuba (russisk Туба) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 507 km lang og har eit nedslagsfelt på 36 900 km².
Tuba | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 36 900 km² | ||
Lengd | 507 km | ||
Kjelde | Kazyr og Amyl | ||
Munning | Jenisej | ||
Tubaelva 53°57′45″N 91°39′00″E / 53.9625°N 91.65°E | |||
Wikimedia Commons: Tuba River |
Tuba oppstår der elvane Kazyr og Amyl renn saman. Elva spring ut frå Minusinskgropa. I nedslagsfeltet finst over tusen sjøar med eit samla areal på om lag 91 km².
Tuba frys til frå seint i oktober til tidleg i desember og vert isfri att i april eller mai. Elva kan nyttast til skipsfart 99 km opp frå munningen.
To bilvegar og ei jernbanelinje kryssar elva.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Туба (река)» frå Wikipedia på russisk, den 28. oktober 2008.