Taco (spansk ’bunt’, ’klosse’) er ein mexicansk måte å ete ulike matretter ved hjelp av eit pannekakeliknade brød av mais- eller kveitemjøl kalla tortilla. I det mexicanske og sentralamerikanske kjøkenet er tortillaen oftast av kvitt maismjøl og vert servert mjuk og varm. Gult, blått eller raudt kan førekome. I tex-mex-kjøkenet vert det ofte nytta tacoskjell av tørka maistortilla gjort på gult maismjøl. Tortillaen vert fylt med kjøt, bønner, salat og sausar.

Tacoar med ulikt tilbehøyr.
Taco i skjell.
Foto: Renee Comet

Taco kom til Noreg i 1965.[1] Det kom etter førespurnadar frå amerikanske arbeidarar som arbeidde offshore i Nordsjøen som var busette i Stavanger.[1][2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Holen, Øyvind. «taco» (på norsk bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. mars 2023. 
  2. Rolv Christian Topdahl; Øystein Otterdal & Ruth Einervoll Nilsen. «– Vi solgte taco og tortillachips før alle andre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 27. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Taco
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.