Synthpop
Synthpop eller synth-pop er ein undersjanger av new wave-musikk[1][4] som fyrst blei utbreidd på slutten av 1970-talet og har synthesizer som hovudinstrument. Før det blei ein eigen sjanger brukte ein synthesizerar på 1960- og byrjinga av 1970-talet i progressiv rock, elektronisk musikk, kunstrock, disco og særleg krautrocken til grupper som Kraftwerk. Han blei ein tydeleg eigen sjaner i Japan og Storbritannia i post-punk-tida som del av new wave-rørsla frå slutten av 1970-talet til midten av 1980-talet.
Synthpop | |||
| |||
Andre namn | Techno-pop | ||
---|---|---|---|
Stilmessig opphav | |||
Kulturelt opphav | 1977–80 i Vest-Tyskland, Japan og Storbritannia | ||
Avleidde former | |||
Blandingssjangrar | |||
Andre emne | |||
I tillegg til synthesizer er òg bruk av trommemaskin og sequencer vanleg, og desse er dei dominerande instrumenta. Synthpop bløma på 1980-talet, då desse instrumenta byrja å bli meir tilgjengelege, og blei gjort kjend gjennom artistar som A-ha, Ultravox, Depeche Mode, The Human League og Madonna.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Synth Pop på Allmusic
- ↑ Fisher, Mark (2010). «You Remind Me of Gold: Dialogue with Simon Reynolds». Kaleidoscope (9).
- ↑ Glenn Appell; David Hemphill (2006). American popular music: a multicultural history. Belmont, CA: Thomson Wadsworth. s. 423. ISBN 978-0155062290. Henta 12 May 2012. «The 1980s brought the dawning age of the synthesizer in rock. Synth pop, a spare, synthesizer-based dance pop sound, was its first embodiment.»
- ↑ Huang, Hao; Walser, Robert; DiMartino, Dave; Kaliss, Jeff; Weber, Michael (red.). «Lionel Bart». Music in the 20th Century 1. Routledge. s. 44.
- Denne artikkelen bygger på «Synth-pop» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Synthpop» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2012.