Sveinung
Sveinung er eit mannsnamn, av norrønt Sveinungr, av 'son (eller ætling) av Svein'.
Bård har i Noreg namnedag 3. desember.
Bruken av namnet i Noreg
endreNamnet var opphavleg eit tilnamn, kjend sidan 900-talet.
- I folketeljinga frå 1801 var det nær 200 som hadde namnet i formene Sveinong, Sveinung, Svennong, Svennung, Svenong, Svenung, dei aller fleste i Telemark.
- I 1900 var det nær 500 personar som var listeførte med namneformene Sveinnung, Sveinong, Sveinug, Sveinung, Sveiung, Svejnung, Svendung, Svennong, Svennug, Svennung, Svenung, også då flest i Telemark.
- I 2008 var det om lag 1780 som heitte Sveinung – 4 heitte Svennung.
Kjende namneberarar
endre- Sveinung Månekåsa, norsk spelemann
- Sveinung Bjørnsson Lofthus (1820-1888), norsk stortingsmann
- Sveinung Sundli (f. 1979), norsk felespelar frå Gåte
- Sveinung Rotevatn (f. 1987), norsk ungdomspolitikar (V)
Kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Søk etter norsk namnestatistikk for Sveinung hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet