Sukkerbete

(Omdirigert frå Sukkerroe)

Sukkerbete eller sukkerroe er ein plante i beteslekta i amarantfamilien med høgt sukkerinnhald i rota som gjer at han kan brukast til å framstilla sukker. Sukkerbete er ein varietet av Beta vulgaris, som raudbete og mangold, og stammar frå strandbete.

Sukkerbete
Utbreiing
Utbreiinga av sukkerbete
Utbreiinga av sukkerbete
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Slekt: Beteslekta Beta
Seksjon: Beta
Art: B. vulgaris
Underart: B. v. vulgaris
Varietet: Sukkerbete Beta vulgaris vulgaris Altissima Group
Botanisk skisse av sukkerbete.

Rota er kvit, kjegleforma og ofte greina. Ho sit djupt og fast i jorda, ettersom ho er danna mest av den eigentlege rota til plante og ikkje hovusakleg av stengeldelar, som hos andre varieteter. Rota til beten inneheld opptil 20 % sukker. Det høge sukkerinnhaldet blei først oppdaga i 1747. Den første sukkerroefabrikken kom i drift i Tyskland i 1802.

Sukkerbete blir særleg dyrka i Mellom-Europa, men også i Danmark og Sør-Sverige. I Noreg blei planten dyrka ein del under andre verdskrigen, men dyrkinga er ikkje lønsam i Noreg.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • «Sukker» (18. desember 2012), Store norske leksikon. Henta 25. mars 2014.
  • «Sukkerbete» (31. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. mars 2014.

Bakgrunnsstoff

endre