Sportsklubben Brann
Sportsklubben Brann er ein fotballklubb frå Bergen. Klubben vart skipa i 1908 og tok sitt første seriegull i 1962. I dag spelar klubben i Eliteserien i fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Eirik Horneland.
| |||
Fullt namn | Sportsklubben Brann | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Rødtrøyene, Bergens Stolthet | ||
Kort namn | SKB | ||
Grunnlagd | 26. september 1908 | ||
Heimebane | Brann Stadion (kapasitet: 17 317) | ||
Styreleiar | Eivind Lunde | ||
Sportsdirektør | Rune Soltvedt | ||
Hovudtrenar | Eirik Horneland | ||
Liga | Eliteserien i fotball for menn | ||
Eliteserien 2018 | 3. plass | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Klubben spelar i dag heimekampane sine på Brann stadion, med plass til ca. 16 750 tilskodarar, i Årstad i Bergen. Treningsanlegget ligg rett ved sidan av stadion der to grasbanar og to kunstgrasbanar vart ferdigstilt til sesongen 2007. Desse banene vart kalla «Nymarksbanane».
Klubben nyttar heimedrakter med raud overdel og kvite shorts, bortedrakter som er heilsvarte og ei tredjedrakt med blå overdel og kvite shorts. Klubben sin utstyrsleverandør er Nike.
Historie
endreTidleg historie
endreSki- og Fodboldklubben Brann vart skipa 26. september 1908 av Christen K. Gran og Birger Gjestland. Den første kampen vart spelt mot Bergens Fotballklubb 1. januar 1909 i ein kamp som enda 1-1. I august same år skulle òg den første sigeren kome. Det skjedde då Stavanger Idrettsforening vart slått 3-2 i Stavanger. Klubben heitte opphavleg Sportsklubben Fart, men namnet vart seinare endra til Sportsklubben Brann.
I løpet av dei ti første åra hadde klubben allereie fått eit namn i fotball-Noreg, og både i 1917 og 1918 nådde klubben cupfinalen, som begge enda med tap.
Sportsklubben Brann sikra seg i 1917 eit 30 mål stort areal, og den 25. mai 1919 stod Brann Stadion klart på Nymark. Den nye stadion vart innvia med kamp mot landslaget som enda i 2-6 tap for Brann.
Brann sitt første nasjonale meisterskap kom i 1923, og eit nytt fylgde to år seinare. Brann vann 2-1 over Lyn i den første finaletriumfen, medan Sarpsborg vart slått 3-0 i finalen i 1925.
Trass i at Brann heldt fram å dominere den lokale fotballen, vart det etter kvart vanskelegare å hevde seg nasjonalt etter at mange av laget sine støttespelarar la opp. Laget kom ikkje lengre enn til kvartfinale dei neste åra og etter 1931 måtte Brann vente til etter krigen før klubben igjen kom så langt.
Stordomstid
endreSportsklubben si verkelege stordomstid kom på 1960-talet med to seriemeisterskap og to av klubben og landet sine største profilar: Roald «Kniksen» Jensen og Rolf Birger «Pesen» Pedersen.
Seriegullet vart innkassert både i 1962 og 1963. I 1964 forlet nøkkelspelarar som Roald «Kniksen» Jensen klubben, og det enda med nedrykk. Klubben var ikkje oppe igjen i den øvste divisjon før i 1968. I 1963-sesongen samla Brann eit gjennomsnittleg tilskodartal på heile 15 486, ein rekord som stod fram til Rosenborg passerte han i 2003.
Brann vann noregsmeisterskapen i 1972 og i 1976 — eit halvt hundreår sidan sist klubben vann meisterskapen. I Cupvinnarcupen i 1973 nådde Brann den andre runden etter å ha slått Gzira frå Malta 9-0 samanlagt i den første runden.
I andre runde vart det nordirske laget Glentoran for sterkt, og vann samanlagt 4-2. I 1977 enda Brann si ferd i Europa igjen i den andre runden. I første runde vann Brann 5-0 samanlagt over islandske IA Akranes, men den nederlandske klubben Twente vann 4-1 samanlagt runden etter.
Elevatorlaget
endre1980-talet var prega av mykje med- og motgang for Brann. Det vart nedrykk i 1979, men dei var oppe igjen neste år. Men dei rykte opp og ned samanhengande frå 1980-86. Brann vart kjend som «elevatorlaget». Brann har vore i den øvste divisjonen sidan 1987. Men det var ikkje berre ille på 1980-talet. Brann vann cupen i 1982 mot Molde; sigersmålet vart scora av legenda Neil McLeod. Brann nådde cupfinalen 2 gonger til på 80-talet, i 1987 og 1988. Begge enda med tap.
Prestasjonar og europeisk suksess
endre90-talet var prega av skandalar på styrerommet, varierande resultat på banen og høgt pengeforbruk. Fem trenarar hadde i løpet av 90-talet ansvaret for klubben, og heile styret vart avløyst. Klubben oppnådde likevel gode resultat i serien, med 4. plass i 1996, 3. plass i 1999 og 2. plass i 1997.
I Europacupsamanheng spelte Brann i 1996/1997 sesongen av UEFA sin cupvinnarcup trass i å ha tapt finalen mot Rosenborg. (RBK spelte i den meir prestisjefulle serievinnarcupen i staden). I turneringa kom Brann til kvartfinalen etter å ha slått ut det nederlandske storlaget PSV Eindhoven etter 2-1 i Bergen og 2-2 i Eindhoven, men vart til slutt slått ut av Liverpool etter 1-1 heime og 0-3 borte.
Opptur og nedtur
endreBrann kom til Champions League for første gong etter at laget kom på andreplass i Tippeligaen 2000. Brann trekte det bulgarske laget Levski Sofia i 2. kvalifiseringsrunde, men etter 0-0 på bortebane rauk Brann ut av Champions League med 1-1 på heimebane i returkampen. Avansement var Branns einaste verkelege sjanse til å tene den stadig aukande gjelda, og i tida som følgde vart resultata svakare i takt med at nøkkelspelarar vart selde. Sommaren 2002 stod Brann ribba for profilar etter at Harri Ylönen, Svante Samuelsson, Azar Karadas, Raymond Kvisvik og Thorstein Helstad hadde forlate klubben. Få trudde på medalje dette året, men svært få hadde nok sett for seg kvalifisering mot Sandefjord om retten til å spele i Tippeligaen 2003. Men Brann heldt på plassen etter 0-0 borte og 2-1 heime. Like etter trekte trenar Teitur Thordarson seg, og han vart etterfølgd av assistenttrenaren sin, den gamle Brannspelaren Mons Ivar Mjelde.
Brann etablerar seg i toppen
endreTrenarskiftet førte til ein ny giv i heile klubben, og i tida som fylgde finansierte Bergensbedrifter og rike velgjerarar nye spelarar til klubben, samtidig som Brann fekk sletta den store gjelda si hos Handelsbanken ved å selje 51 % av Brann Stadion AS til Stor-Bergen Boligbyggelag. Mjelde leia Brann til bronse og cupmeisterskap i 2004 då Brann slo Lyn 4-1 i finalen. Det var Brann sin første tittel på 22 år. Bengt Sæternes vart den store helten i finalen med tre mål.
Etter ein medels sesong i 2005 (sjette plass), var Brann tilbake i toppen i 2006. Klubben var serieleiar frå 9. til 21. serierunde, men kunne ikkje matche Rosenborg sin sluttspurt med ti sigrar og to uavgjorte på dei siste tolv kampane. Det vart dermed sølvmedaljar til Brann, for fjerde gong i klubben si historie. Sesongen vart skjemma av eit særs pinleg tap for det svenske amatørlaget Åtvidabergs FF i UEFA-cupen sin 2. kvalifiseringsrunde. Dobbeltoppgjeret enda 4-4 og svenskane avanserte på bortemål.
2007 - seriegull
endreI 2007 starta Brann sterkt, og låg på 2. plass då første halvdel av serien var ferdigspilt. 22. oktober 2007, då den tredje siste serierunden var ferdigspelt, vart det klart at Brann tok seriegull for første gong sidan 1963. Brann tapte denne runden 2-1 mot Ålesund, men Stabæk, som måtte vinne alle sine tre siste kampar for å ta igjen Brann, tapte 2-1 mot Viking i Stavanger.
Tilhengjarar
endreBrann har lenge hatt mange tilhengjarar. I mange år var Brann Supporter Team den offisielle supporterklubben. Men BST gjekk konkurs i 2003 etter at det vart avdekt dårleg økonomistyring. Den offisielle supporterklubben i dag er Brann Bataljonen, som vart danna same år. I forhold til talet tilhengjarar har derimot Bataljonen få medlemmar og det har ikkje vore ein sterk kultur for organiserte supporterar i Bergen. Dette har gjeve seg utslag i fleire alternative supportergrupper. Av dei finn ein Apostlenes Røde Gærninger — ein kristen supporterklubb — som har eksistert sidan 1994. Brann har også, som einaste norske fotballklubb eigen supporterklubb i USA > http://www.brann.us .
Rivalisering
endreBrann har mange rivalar i Noreg. Geografisk er det ingen andre fotballklubbar i Bergen som spelar på same nivå. Men då dei var i Tippeligaen var Fyllingen ein av Brann sine største rivalar. Enkelte vil sei at Viking er ein av dei største rivalane, på grunn av den nære plasseringa til dei to byane Bergen og Stavanger. Det er ein urgamal debatt om kva for ein dei to som er Vestlandet si perle. Mange som held med Brann vil seie at erkerivalen er Rosenborg. Dette kjem igjen av rivalisering mellom byane Bergen og Trondheim. Rivaliseringa kjem òg av at Brann slo Rosenborg i cupfinalen 1972, medan RBK slo Brann i 1988, 1995 og 1999. Vålerenga og Lillestrøm SK står heller ikkje høgt i kurs hos Brann sin supporterskare, og Vålerenga er i mange auge den største rivalen.
Flest mål scora for Brann
endre- Rolf Birger Pedersen 245 mål i perioden 1957-72.
- Roald «Kniksen» Jensen 170 mål i perioden 1960-65/1971-73.
- Bjørn Tronstad 127 mål i perioden 1974-79.
- Gunnar Skagen 120 mål i perioden 1949-56.
- Thorstein Helstad 104 mål i perioden 1998-02/2006-2008
- Steinar Aase 93 mål i perioden 1973-79/1984-85.
- Mons Ivar Mjelde 87 mål i perioden 1989-90/1996-2002.
Flest kampar for Brann
endre- Tore Nordtvedt 557 kampar i perioden 1963-79.
- Rolf Birger Pedersen 331 kampar i perioden 1957-71.
- Geirmund Brendesæter 327 kampar i perioden 1990-2003.
- Helge Karlsen 323 kampar i perioden 1967-79
- Roy Wassberg 319 kampar i perioden 1989-93/1998-2004.
Brannspelarar med flest landskampar
endre- Alexander Olsen 37 kampar, 1 mål.
- Helge Karlsen 35 kampar, 0 mål
- Finn Berstad 32 kampar, 13 mål
- Roald «Kniksen» Jensen 27 kampar, 5 mål.
Vinnarar av Kniksen-prisen
endre- 1990: Per Egil Ahlsen Midtbane
- 1993: Tore Pedersen Forsvar
- 1996: Mons Ivar Mjelde Angrep
- 2000: Thorstein Helstad Angrep
- 2006: Håkon Opdal Målvakt
- 2007: Håkon Opdal Målvakt
- 2007: Thorstein Helstad Angrep
- 2007: Mons Ivar Mjelde Trener
Kniksen-prisen er kalla opp etter Brann-legenda Roald «Kniksen» Jensen.
Årets Brannspelar
endre- 2000: Roy Wassberg
- 2001: Raymond Kvisvik
- 2002: Tommy Knarvik
- 2003: Raymond Kvisvik
- 2004: Ragnvald Soma
- 2005: Paul Scharner
- 2006: Håkon Opdal
- 2007: Thorstein Helstad
- 2008: Ólafur Örn Bjarnason
- 2009: Erik Huseklepp
- 2010: Petter Vaagan Moen
- 2011: Rodolph Austin
- 2012: Piotr Leciejewski
- 2013: Piotr Leciejewski
- 2014: Stéphane Badji
- 2015: Vadim Demidov
- 2016: Vadim Demidov
- 2017: Vito Wormgoor
- 2018: Fredrik Haugen
- 2019: Håkon Opdal
Merittar
endre- Seriemeistarar: 1961-62, 1963 og 2007.
- Cupmeistarar: 1923, 1925, 1972, 1976, 1982, 2004, 2023.
- Cupvinnarcupen: Kvartfinale 1996–97. Slo mellom anna PSV Eindhoven.
- UEFA-cupen: Tok seg vidare til gruppespelet i 2007-08 etter å ha spelt 2-2 samanlagt mot Club Brugge etter siger 2-1 i Belgia.
Tidlegare spelarar
endreHovudtrenarar sidan 1960
endre
|
|
|
|
Rekordar
endre- Største siger i Europacupen 8-0 mot Carmarthan (borte) 19. juli 2007
- Største heimesiger: 11-0 mot Vard Haugesund, 25. juni 1997
- Største bortesiger: 14-0 mot Aalesund, 26. august 1917 og 14-0 mot Hovden, 17. april 2013.
- Største heimetap: 0-7 mot FC Lyn Oslo, 8. august 1964
- Største bortetap: 0-10 mot Rosenborg BK, 5. mai 1996
- Tilskodarrekord, Brann Stadion: 24 800 mot Fredrikstad FK, 1. oktober 1961
- Høgaste tilskodarsnitt: 17 225 i 2007-sesongen
- Flest kampar, totalt: 557, Tore Nordtvedt 1963-1979
- Flest kampar i Tippeligaen: 263, Tore Nordtvedt
- Mest merriterte spelar: Tore Nordtvedt, 2 seriemeisterskap og 2 cupmeisterskap.
- Flest mål totalt: 245, Rolf Birger Pedersen 1957-1972
- Flest mål i Tippeligaen: 132, Rolf Birger «Pesen» Pedersen 1957-1971
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Litteratur
- Larsen, Jan-Erik: Fra mål til ytterste fortvilelse, Bergen 1988
- Kalvik, Kjell Vidar: Hele Bergens stolthet, Bergen 2005
- Natlandsmyr, Gorm: Branns offisielle årbok (utgjeve kvart år sidan 2001)
- Larsen, Jan-Erik: Et århundre i bilder (lagbielte frå Sportsklubben Brann frå 1909 til våre dagar)
- Soltvedt, Thor: Flammene på Stadion (dikt om Brann)