Småspove
Småspove (Numenius phaeopus) er ein vadefugl i snipefamilien Scolopacidae. Han er ein av Numenius-spovane med vidaste utbreiing, og hekkar over store delar av det subarktiske Asia og Europa så langt sør som Skottland. Han overvintrar langs kystar av Afrika, Sør-Asia sørover til kystar av Australia og New Zealand. Denne arten og tundraspove i Amerika har nyleg blitt splitta i to artar,[2] sjølv om nokre taksonomiske autoritetar framleis ser på dei som same arten.
Småspove | |
Småspove | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av småspove | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Numenius |
Art: | Småspove N. phaeopus |
Vitskapleg namn | |
Numenius phaeopus |
Skildring
endreTaksonomi
endreDet vitskaplege slektnamnet Numenius er frå antikkens greske noumenios, ein fugl som er nemnd av Hesychius. Det er assosiert med spovane fordi det ser ut til å vere avleidd av neos, «ny» og mene, «måne», med tilvisning til det lange halvmåneforma nebbet. Det artsspesifikke tilnamnet phaeopus er det mellomalderske latinske namnet på fuglen, frå gammalgresk phaios, «grå» og pous, «fot».[3]
Fem underartar er godtatte:[4]
- N. p. islandicus Brehm, C.L., 1831 – hekkar hovudsakleg på Island, men også på Grønland, Færøyane og i Skottland; overvintrar hovudsakleg i Vest-Afrika, men området spenner frå Sørvest-Europa til Benin og Togo[5][6][7]
- N. p. phaeopus (Linnaeus, 1758) – nominatunderarten, hekkar frå Noreg til det nordlege sentrale Sibir; overvintrar i Afrika og Sør- og Søraust-Asia
- N. p. alboaxillaris Lowe, 1921 – hekkar frå vestlege Kasakhstan til sørvestlege Sibir (sjeldan); overvintrar i Sør- og Aust-Asia
- N. p. rogachevae Tomkovich, 2008 – hekkar i det nordlege sentrale Sibir; overvintrar i Aust-Afrika og vestlege India
- N. p. variegatus (Scopoli, 1786) – hekkar i det nordaustlege Sibir; overvintrar i India til Australia og New Zealand
Tundraspove (Numenius hudsonicus) vart tidlegare sett på som konspesifikk med Numenius phaeopus. Dei to artane vart splitta baserte på genetiske forskjellar og ulikskap i fjørdrakta.[8]
Kjenneteikn
endreSmåspove er ein ganske stor vadefugl, men mellomstor som medlem av Numenius-slekta. Han liknar storspoven, men er mindre, noko som kan vere vanskeleg å fastslå i felt utan andre fuglar å samanlikne med. Nebben er proporsjonalt noko kortare. Fuglen er 37-45 cm lang. Nebben utgjer 6 til 9 cm, lengst hos den vaksne hoa. Vengespennet er på 76-89 cm. Småspoven er mest gråbrun, men vengen har mørke handsvingfjør. Nebben er bøygd med ein knekk snarare enn ei jamn kurve og lengst på vaksne hoer. Småspoven har ei tydeleg lys midtstripe på hovudet og kraftigare teikningar enn storspoven. I flukt stikk beina ikkje ut bakom stjerten. Nominatforma N. p. phaeopus som hekkar i Fennoskandia har kvit rygg, overgump og vengeunderside, og tverrender på den gråbrune stjerten. Dei er generelt vaktsame.
Småspove kan forvekslast med storspoven. Småspoven har mørkare kronestriper, og lysare augebrynstripe mot mørk augestripe er meir kontrastfull enn hos storspoven. På Nordøya på New Zealand kan både småspove og tundraspove i små mengd observerast i den nordlege vinteren.[9]
Læte
endreLokkelæta er ei visling, medan spellæta er ein serie vislingar som går over i ei trille.
Forplanting
endreVanlege hekkeplassar er fjellheiar, myrer, og steppemarker. Det er vanleg at fleire par hekkar nær kvarandre i ein koloni. Reiret er ei grop på marka. Hoa legg 3-5 egg. Begge foreldra rugar og vaktar ungane mot inntrengjarar. Dei kan til og med angripe menneske som kjem for nær.
Føde
endreDenne arten lever ved å sondere mjuk gjørme etter små virvellause dyr inkludert insekt, og ved å plukke små krabbar og liknande byttedyr frå overflata. Før migrasjon blir bær ein viktig del av kosthaldet.
Utbreiing og trekktilhøve
endreHekkeområdet ligg frå Aust-Grønland, over Island og øyar i Nord-Atlanteren sør til Skottland, samanhengande frå Fennoskandia unntatt Sør-Sverige til nordvestlege Russland rundt Kvitehavet. Isolerte område over Sibir til Anadyrelva har hekkeplassar for tre ulike underartar.
I Noreg hekkar han mest vanleg frå Midt-Noreg og nordover, og helst på høgareliggande heiområde. Populasjonen i landet er trudd å ligge mellom 4000 og 20 000 individ og er minkande. I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[10]
Småspoven er ein sterk trekkfugl som overvintrar ved kystar i Afrika, og Sør-Asia inn i Australasia med New Zealand. Han er òg ein kystfugl under trekk. Dei er ganske sosiale og kan treffast i flokkar utanfor hekkesesongen.
Galleri
endre-
I flukt i Lónsöræfi naturreservat, Island
-
Numenius phaeopus under trekket på Fuerteventura
-
Eit frimerke frå Færøyane
-
N. p. islandicus
på São Tomé og Príncipe -
Småspoveegg
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Småspov» frå Wikipedia på svensk, den 8. januar 2012. og på «Eurasian whimbrel» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2022.
- Referansar
- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark småspove Numenius phaeopus (Linnaeus, 1758) Henta 22. januar 2022
- ↑ Tor Olsen og Helge Kvam (2021). «Ny taksonomi og systematikk for fugl i Norge» (PDF). Vår Fuglefauna 44: 26–31.
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 276, 301. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (July 2021). «Sandpipers, snipes, coursers». IOC World Bird List Version 11.2. International Ornithologists' Union. Henta 22. januar 2022.
- ↑ Gunnarsson, T. G.; Guðmundsson, G. A. (2016). «Migration and non-breeding distribution of Icelandic Whimbrels Numenius phaeopus islandicus as revealed by ringing recoveries». Wader Study 123 (1): 44–48. doi:10.18194/ws.00031.
- ↑ Alves, J. A.; Dias, M. P.; Méndez, V.; Katrínardóttir, B.; Gunnarsson, T. G. (2016). «Very rapid long-distance sea crossing by a migratory bird». Scientific Reports 6 (1): 38154. Bibcode:2016NatSR...638154A. PMC 5128861. PMID 27901077. doi:10.1038/srep38154.
- ↑ Carneiro, C.; Gunnarsson, T. G.; Alves, J. A. (2019). «Faster migration in autumn than in spring: seasonal migration patterns and non-breeding distribution of Icelandic whimbrels». Journal of Avian Biology 50 (1). doi:10.1111/jav.01938.
- ↑ Tan, H.Z.; Ng, E.Y.X.; Tang, Q.; Allport, G.A.; Jansen, J.J.F.J.; Tomkovich, P.S.; Rheindt, F.E. (2019). «Population genomics of two congeneric Palaearctic shorebirds reveals differential impacts of Quaternary climate oscillations across habitats types». Scientific Reports 9 (1): 18172. PMC 6890745. doi:10.1038/s41598-019-54715-9.
- ↑ Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), s. 320, Penguin, 2005
- ↑ Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av småspove Numenius phaeopus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 22. januar 2022
Bakgrunnsstoff
endre- Lars Løfaldli, 1994, Artsomtale: Numenius phaeopus – småspove, S. 204 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 22. januar 2022