See Me, Feel Me
«See Me Feel Me/Listening To You» Singel av The Who frå albumet Tommy | ||
B-side |
«Overture» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. oktober 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Track | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | Kit Lambert | |
The Who-kronologi | ||
«Summertime Blues» (1970) |
«See Me Feel Me/Listening To You» | «Won't Get Fooled Again» (1971)
|
«See Me Feel Me/Listening To You» er ein del av songen «We're Not Gonna Take It» skriven av Pete Townshend frå The Who. Songen er avslutninga på rockeoperaen Tommy. «See Me Feel Me/Listening To You» vart spelt på Woodstock Festival i 1969. The Who spelte heile verket Tommy seint på natta og under denne finalen så steig sola opp over horisonten og skein på bandet på scenen. Dette er fanga på film i The Kids Are Alright og Woodstock. «See Me, Feel Me» vart gjeven ut som singel og nådde 12. plassen på singellista i USA.[1] I Storbritannia gjekk han ikkje inn på listene.
Bandet framførte denne songen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London den 12. august 2012 i lag med «Baba O'Riley» og «My Generation».
Kjelder
endre- ↑ «Billboard Hot 100». Billboard Magazine. 5. desember 1970. s. 75. Henta 28. november 2011.
- Denne artikkelen bygger på «See Me, Feel Me» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2009.