Scream Like a Baby
Scream Like a Baby Song av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) | ||
Utgjeve | 12. september 1980 | |
Innspelt | The Power Station, New York, February 1980; Good Earth, London, April 1980 | |
Sjanger | Post-punk | |
Lengd | 3:35 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«Scream Like a Baby» er ein song skriven av David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps).
Musikk og tekst
endreSongen fokuserer på ein hovudperson kalla Sam som i lag med forteljaren på songen tilsynelatande sit i eit politisk fengsel. Sjølv om songen er sett til framtida, er soga i fortid, på ein måte som Bowie skildra som «framtidsnostalgi... Ei blikk attende på noko som ikkje har skjedd enno».[1] Musikalsk er songen kjend for den «ultra-moderne new wave-gitarsynth-lyden»,[1] og for at Bowie nytta varispeed-vokal for å illustrere Sam sin nedadgåande spiral i fengselssjukehuset – i følgje NME-kritikaren Roy Carr og Charles Shaar Murray er effekten som «om forteljaren på 'All the Madmen' var busett i verda i '1984'».[2]
«Scream Like a Baby» var eit av fleire spor på Scary Monsters som utvikla seg frå songar Bowie hadde skrive fleire år tidlegare. Denne vart opphavleg komponert i 1973 med ein annan tekst, som «I Am a Laser» for The Astronettes (Ava Cherry, Geoffrey MacCormack og Jason Guess).[3] Bowie arbeidde på eit album for gruppa, men det vart etter kvart droppa og kom til slutt ut i 1995 som eit Ava Cherry-album kalla People from Bad Homes. «I Am a Laser» var eit av spora her.[4]
Bowie hadde tenkt å spele songen i 1987 under Glass Spider-turneen, men droppa songen frå setlista før turneen kom i gang.[5]
Andre utgjevingar
endre- Han kom ut som B-sida til singelen «Fashion» i oktober 1980.
Medverkande
endre- David Bowie – solovokal
- Tony Visconti – korvokal
- Carlos Alomar – gitar
- Andy Clark – synthesizer
- George Murray – bassgitar
- Dennis Davis – trommer
Notes
endre- Denne artikkelen bygger på «Scream Like a Baby» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.181
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.113
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.207
- ↑ O’Leary, Chris. «Pushing ahead of the dame».
- ↑ Currie, David (1987), David Bowie: Glass Idol (1st utg.), London and Margate, England: Omnibus Press, ISBN 0-7119-1182-7