Sara av Fleetwood Mac
Sara Singel av Fleetwood Mac frå albumet Tusk | ||
B-side |
«That's Enough for Me» | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. desember 1979 | |
Innspelt | 1978–79 | |
Sjanger | Pop, rock | |
Lengd | 6:22 | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Nicks | |
Produsent | Fleetwood Mac, Richard Dashut og Ken Caillat | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Tusk» (1979) |
Sara | «Not That Funny» (1980)
|
«Sara» er ein song skriven av songar-låtskrivar Stevie Nicks og gjeve ut av poprockband Fleetwood Mac i 1979 på albumet Tusk. Songen vart òg gjeven ut som singel i ei forkorta utgåve. Singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista, 37. plassen i Storbritannia, 11. plassen i Australia og andreplassen i Canada.
Opphav
endreDet har vore mange rykte om at songen handlar om ein abort Nicks hadde etter ho vart gravid med den dåverande kjærasten Don Henley.[1] Henley sjølv har føreslått denne tydinga av songen.[2][3] I eit intervju i 1979 sa Nicks «Om eg nokon gong får ei lita jente, skal ho heite Sara. Det er eit særs spesielt namn for meg.» Nicks stadfesta rykte 35 år seinare i eit intervju i september 2014 med Billboard Magazine. «Hadde eg gifta meg med Don og fått det barnet, og det hadde vore ei jente, så hadde ho heitt Sara.»[4][5]
Stevie Nicks skreiv songen på eit piano. Mick Fleetwood hadde vanskar med å legge trommer på songen, og nytta vispar for å få det til.[6]
Plagiatsøksmål
endreI 1980, året etter songen kom ut, vart Stevie Nicks saksøkt for plagiat av Carol Hinton frå Rockford i Michigan. I 1978 hadde Hinto skrive ein song kalla «Sara», som ho hadde sendt til Warner Brothers, plateselskapet til Fleetwood Mac. Teksten i songen til Hinton og Stevie Nicks var liknande. Begge hadde linjene «Drowning in the sea of love» og «When you build your house, call me.» Stevie Nicks forsvarte søksmålet med å bevise at ho hadde skrive og spelt inn ein demoversjon av songen i juli 1978, månader før Hinton sendte teksten sin til Warner. Hinton gav til slutt opp og godtok at Nicks ikkje hadde stole songen hennar.[7]
Versjonar
endreVersjonen av songen på den originale vinyl-utgåva var 6:22 lang, men då Tusk kom ut på CD første gongen i 1987, var det ei forkorta utgåve av songen på 4:37 som var med, der det midtre verset og mellomspelet er borte. Det var først i 1988 med Greatest Hits-samlinga at den fulle versjonen av songen vart tilgjengeleg på CD.
Det finst òg ein versjon kalla «the cleaning lady»-versjonen. Han har fått dette namnet fordi ein kan høyre Nicks sei i byrjinga av opptaket: «I don't want to be a cleaning lady!» Denne versjonen er nesten ni minuttar lang og vart gjeven ut på bonusplata som kom ut med Tusk i mars 2004.[8]
Medverkande
endre- Stevie Nicks - solovokal
- Lindsey Buckingham - gitar, korvokal
- Christine McVie - piano, korvokal
- John McVie - bassgitar
- Mick Fleetwood - trommer, perkusjon
Lister
endreLister (1979/1980) | Plassering |
---|---|
Australia - Kent Music Report | 11 |
Canadian Singles Chart | 2 |
Tyskland | 44 |
Frankrike | 31 |
Nederland | 10 |
New Zealand RIANZ | 17 |
Sør-Afrika | 18 |
UK Singles Chart | 37 |
U.S. Billboard Hot 100 | 7 |
I andre media
endre- Songen vart nytta i den tredje episoden i tredje sesongen av American Horror Story. Songteksten vart nytta som bevis på at Stevie Nicks var ei heks.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sara (Fleetwood Mac song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «CANOE - JAM! Henley, Don: Inside Don Henley». Jam.canoe.ca. 30. november 2004. Henta 11. august 2015.
- ↑ «Fleetwood Mac». Bla.fleetwoodmac.net. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 11. august 2015.
- ↑ «Voices». Voices.yahoo.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2014. Henta 11. august 2015.
- ↑ http://www.billboard.com/articles/news/6266329/stevie-nicks-interview-on-don-henley-fleetwood-mac-24-karat-gold-album
- ↑ http://www.lifesitenews.com/news/stevie-nicks-confirms-she-wrote-hit-song-about-baby-she-aborted-with-don-he
- ↑ «Sara by Fleetwood Mac Songfacts». Songfacts.com. Henta 11. august 2015.
- ↑ White, Timothy (3. september 1981). «With Her New Solo Album, Fleetwood Mac's Good Fairy Tries to Balance Two Careers - and Two Personalities». Rolling Stone. Henta 11. august 2015.
- ↑ «Tusk (Deluxe Edition): Fleetwood Mac: Music». Amazon.com. Henta 11. august 2015.