Rygge kyrkje

kyrkje i Moss i Østfold

Rygge kyrkje er ei langkyrkje frå omkring 1170 i Rygge i Moss kommune i Østfold fylke. Kyrkja er oppført i stein av varierande farge (grå og gråblå granitt og gneis, rødbrun porfyr), medan takkonstruksjonen er av tre og tekka med teglstein. Dette er ei av dei største, best bevarte og rikast utstyrte mellomalderkyrkjene i Østfold.

Rygge kyrkje
kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Vestre Borgesyssel
Sokn Rygge
Fellesråd Moss
Stad Rygge, Østfold
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1100-talet
 •  Endringar M.a. 1724, 1856, 1967
Tårn Takryttar på skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1670-åra
Døypefont Kleberstein, romansk, 1200-talet
Altartavle Thomas Blix, fullført av elev
Orgel Bruno Christensen, 1980
Diverse Fleire gamle krusifiks og epitafier
Kart
Rygge kyrkje
59°22′47″N 10°43′21″E / 59.37969306°N 10.72245194°E / 59.37969306; 10.72245194
Wikimedia Commons: Rygge kirke

Ved kyrkja ligg kommunens einaste kyrkjegard på begge sider av fylkesveg 332. På sørsida av vegen står eit gravkapell frå 1962.

Bilete frå kyrkja

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre