Rheinland-Pfalz
Rheinland-Pfalz er eit forbundsland i Tyskland. Hovudstaden er Mainz, arealet er 19 853 km² og folketalet 4 084 844 i 2018. Rheinland-Pfalz ligg sørvest i Tyskland, og grensar til Nordrhein-Westfalen, Hessen, Baden-Württemberg, Frankrike, Saarland, Luxembourg og Belgia. Området var del av den franske okkupasjonssona etter den andre verdskrigen og delstaten vart oppretta gjennom samanslåing av Rhein-Pfalz med den prøyssiske Rhinprovinsen og delar av det vestlege Hessen.
Rheinland-Pfalz | |||
forbundsland | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Mainz | ||
Areal | 19 853,36 km² | ||
Folketal | 4 084 844 (31. desember 2018)[1] | ||
Grunnlagd | 1946 | ||
Språk | Tysk | ||
Rheinland-Pfalz 49°54′47″N 7°26′59″E / 49.913056°N 7.449722°E | |||
Kart som viser Rheinland-Pfalz.
| |||
Wikimedia Commons: Rhineland-Palatinate |
Geografi og geologi
endreLandskapet i Rheinland-Pfalz er prega av rhinske skiferplatå som vert gjennomskoren av dei djupe dalføra til Mosel, Rhinen og Lahn. Elvane deler landskapet i fire delar: fjell- og bakkelandskapa Hunsrück og Eifel vest for Rhinen og Westerwald og Taunus austom Rhinen. Den største elva i delstaten er Rhinen som dannar grense med Baden-Württemberg og Hessen.
Dei høgaste fjella i Eifel er vulkankjegler, i Hunsrück og Taunus kvartsittryggar og i Westerwald basaltkuplar. Dei høgaste områda i Hunsrück når opp i vel 800 moh. Bakkelandskapet i sør er dekt av Pfälzerskogen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.statistik.rlp.de/de/gesellschaft-staat/bevoelkerung-und-gebiet/basisdaten-land/tabelle-4/; vitjingsdato: 13. juni 2020.
- Askheim, Svein. (2011, 7. mai). Rheinland Pfalz: geologi og landformer. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014.