Reidar Nyborg
Reidar Nyborg (4. april 1923–30. april 1990) var ein norsk langrennsløpar som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz og der var med på det norske stafettlaget som vann bronsemedaljen. Nyborg, som var både fødd og døydde i Ringsaker, vart noregsmeister på tremila i 1949.
Reidar Nyborg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. april 1923 Ringsaker kommune |
Død | 30. april 1990 (67 år) Ringsaker kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | cross-country skiing at the 1948 Winter Olympics – men's 4 × 10 km relay |
Aktiv
endreNyborg deltok for Noreg i vinter-OL 1948 i St. Moritz. Der vart han nummer 17 på 18 km. Han vann så ein olympisk bronsemedalje då han gjekk tredjeetappen på det norske laget på 4 x 10 km, ein kvartett som hamna langt bak olympiameistrane frå Sverige og sølvgutane frå Finland. Dei andre på Noregs lag var Erling Evensen, Olav N. Økern og Olav I. Hagen.
I 1949 fekk Nyborg fullklaff med forma til noregsmeisterskapen på Steinkjer. Etter å vorte noregsmeister på 30 km føre Oddvar Sandvig, gjekk han inn til sjetteplass på 18 km. På den avsluttande 50-kilometeren vart det bronse på Nyborg, slått av femmilsslukaren Magnar Estenstad med to og eit halvt minutt, Kåre Tømte tok sølvmedaljen. Nyborg la deretter opp.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- 1946: Nr 8 på 18 km
- 1948: Nr 7 på 18 km
- 1949: Gullmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km i Steinkjer
Kjelder
endre- P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957