Primærnæringar
Primærnæringar er næringar som framstiller råvarer, som landbruk og sjøbruk. Denne næringa gav tradisjonelt mat og inntekter til store delar av folket i Noreg, men dette endra seg på 1800-talet. Då byrja folk å flytte frå landsbygda og inn til byane, mange for å jobbe i sekundærnæringar. Den store endringa som kom i denne perioden vert kalla det store hamskiftet.
Landbruk
endreLandbruk femnar om næringar som jordbruk, hagebruk, skogbruk, reindrift, jakt, fangst og sanking. I Noreg har endringa i sysselsetjinga heldt fram heilt til i dag, det vert til dømes stadig færre og færre gardsbruk att. Til samanlikning var 20 % av folket i Noreg sysselsette i jordbruket i 1950, medan det i dag berre er om lag 2 %. Produksjonen har likevel auka sidan den gongen.
Sjøbruk
endreSjøbruk femnar om næringar som fiske og fiskeoppdrett. Det er i dag mange færre fiskarar i Noreg enn tidlegare. Samstundes har fangstmengda auka, og fiskeoppdrett har vore ei næring som har vokse stort sidan produksjonen byrja, tidleg på 1970-talet.
Sjå og
endreKjelder
endre- Westersjø Martin, Laurizen Åse og Berg Jorun: Standpunkt – Samfunnsfag for videregående skole – fellesfag (Oslo: Damm, 2006)