Pekingand
Pekingand (trad. kinesisk 北京烤鸭, pinyin Běijīng kǎoyā) er ein klassisk kinesisk rett som består av ei heil and som vert laga med hovudet på. Retten vert som regel laga av arten pekinand (Anas platyrhynchos domestica).
Retten har røter tilbake til Kina på 1200-talet, og var ein favoritt av Ming-familien under Ming-dynastiet på det tidlege 1400-talet. Retten vert i dag servert over heile verda, og er ein av dei mest kjende kinesiske rettene.[1]
Namneforma Peking-and blei innarbeida på norsk før romaniseringa «Beijing» blei teken i bruk i Noreg.
Kjelder
endre- ↑ Peking Duck Arkivert 27. september 2011 på Wayback Machine. Chinatown Connection 2005. Henta 18. mai 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Pekingand» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2023.