Otto Albert Blehr
Otto Albert Blehr (fødd 17. februar 1847 i Stange på Hedmark, død 13. juli 1927 i Oslo) var ein norsk jurist og politikar. Han representerte det politiske partiet Venstre.[1] Blehr var gift med kvinnesakskvinna Randi Blehr.[1]
Otto Albert Blehr | |||
| |||
Fødd | 17. februar 1847 Stange kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 1927 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, jurist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Albert Blehr | ||
Ektefelle | Randi Blehr | ||
Barn | Eivind Blehr | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
|
Blehr hadde ei rekkje politiske verv. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt frå 1883 til 1888, for Nordland frå 1895 til 1900. Frå 1891 til 1893 var han statsminister i den norske statsrådsavdelinga i Stockholm og norsk statsminister frå 21. april 1902 til 22. oktober 1903.[1] Siste statsministerperioden var frå 1921 til 1923.
Blehr var stiftamtmann i Kristiania frå 1905 til 1917 og norsk delegat i Folkeforbundet 1920 og frå 1922 til 1925.
Kongen utnemnde Blehr den 7. november 1898 til storkrossen av St. Olavs Orden.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Otto Blehr». Regjeringa.no. Henta 13. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Otto Albert Blehr NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv