Otomangueanske språk

Otomangueanske språk er ein stor språkfamilie som omfattar ei rekkje mesoamerikanske språk i Amerika. Alle dei nolevande otomangueanske språka blir snakka i Mexico, men det vart tidlegare snakka språk frå denne språkfamilien så langt sør som i Costa Rica. Den største mengda talarar av otomangueanske språk har i dag den meksikanske delstaten Oaxaca, der talarane av zapotekisk og mixtekisk til saman utgjer nesten 1,5 millionar. Andre otomangueanske språk er otomi og mazahua.

Otomangueanske språk
Vidare inndeling:
Tala i:  Mexico
Område: Sentrale og sørlige Mexico, tidligere hele Mesoamerika


Kart over utbreiinga til dei otomangueanske språka

Alle otomangueanske språka er tonespråk. Nokre av dei har berre to ulike tonar, medan andre har opptil fem. Mange av språka har òg fonemisk vokalnasalisering.

Inndeling

endre
Otomangueansk 


 Otopameansk 

Otomiansk



Matlatzinca



Chichimeca



Pame




Chinantekisk





Tlapanekansk



Mangueansk







Popolokansk



Zapotekansk




Amuzgo



Mixtekisk





Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Sicoli, Mark A. (2005). «Oto-Manguean languages». I Philipp Strazny. Encyclopedia of Linguistics. New York: Fitzroy Dearborn. pp. 797–800.
  • Soustelle, Jacques (1993) [1937]. La familia Otomí-Pame del México central. Sección de Obras de Historia. Nilda Mercado Baigorria. México, D.F.: Centro de Estudios Mexicanos y Centroamericanos, Fondo de Cultura Económica. ISBN 968-16-4116-7.: Suárez, Jorge A. (1977). El tlapaneco como lengua Otomangue (MS) (in Spanish). México, D.F.: Universidad Nacional Autonoma de México.
  • Suárez, Jorge A. (1983). The Mesoamerican Indian Languages. Cambridge Language Surveys. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0-521-22834-4.