Nymfestadiet
Nymfe er eit stadium hjå hemimetabole insekt mellom egg og vakse dyr.[1] Det tilsvarar larvestadiet hjå holometabole insekt, men nymfa til eit insekt liknar meir på det vaksne individet og går til dømes ikkje gjennom noko puppestadium. Insektet kan gå gjennom fleire hamskifte der nymfene blir stadig likare vaksne insekt.[2] Mellom insektgrupper som har nymfestadium kan ein nemna teger, lus,[3] augestikkarar, vassnymfer,[4] grashopper og kakerlakkar.[2]
Kjelder
endre- ↑ «nymfe – zoologi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 9. februar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «nymph | entomology | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 4. februar 2022
- ↑ «Hemimetabola». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 27. januar 2022.
- ↑ Britton, David (9. juli 2009). «Metamorphosis: a remarkable change». Australian Museum. Henta 13. juli 2015.