Nora
kvinnenamn
- Sjå òg Nora i Västmanland
Nora er eit norsk kvinnenamn som er ei kortform av Eleonora eller Leonora. På engelsk blir namnet òg skriva Norah. Namna er truleg avleidde av Helene, som tyder 'lys' eller 'å skinna' på gresk.
Bruk
endreDet er om lag 5 500 personar i Noreg som har Nora som første eller einaste førenamn, medan berre om lag 85 heiter Norah. Bruken av namnet for nyfødde tok til å auka rundt 1985 og nådde ein topp i byrjinga av 2000-talet.[1]
Namnedag
endreNora har namnedag den 14. april i Noreg. 1993–2001 hadde namnet den 17. mai som namnedag i Sverige.
Kjende namneberarar
endre- Nora Brockstedt (f. 1923), norsk skodespelar
- Nora Ephron (1941-2012), amerikansk filmregissør
- Norah Lange (1906–1972), argentinsk forfattar
- Nora Simonhjell (f. 1970), norsk forfattar
- Norah Jones (f. 1979), amerikansk musikar
- Nora Mørk (f. 1991), norsk handballspelar
- Nora Foss Al-Jabri (f. 1996), norsk artist
Oppdikta namneberarar
endre- Nora Helmer, hovudpersonen i Et dukkehjem
Kjelder
endre- ↑ [SSB]
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Nora hjå Statistisk Sentralbyrå