Niuisk
- Niuisk kan òg referera til noko(n) knytt til Niue
Niuisk (ko e vagahau Niuē) er eit polynesisk språk, og tilhøyrer den malayopolynesiske gruppa av dei austronesiske språka. Det er nærskyldt med tongansk, og mindre likt andre polynesiske språk som maori, samoansk og hawaiisk.
Niuisk ko e vagahau Niuē | ||
Klassifisering | Austronesisk Oseanisk Polynesisk Tongansk Niuisk | |
Bruk | ||
Tala i | Niue | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ingen | |
ISO 639-2 | niu | |
ISO 639-3 | niu |
Niuisk vert snakka av 2 027 menneske på Niue (nesten heile folkesetnaden) viser tal frå 1998, men språket vert òg snakka på Cookøyane, New Zealand og Tonga, for det meste av utflyttarar frå Niue.[1] Til saman vert språket snakka av omkring 8 000 menneske, altså bur dei fleste talarane på andre stadar enn Niue, der språket er heimehøyrande. Dei fleste innbyggjarane på Niue er tospråklege, med engelsk som det andre språket sitt.
Tidleg på 1990-talet budde 70 prosent av dei som snakka niuisk på New Zealand.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Niuisk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Basiskunnskapar i niuisk (engelsk, niuisk)