Nasjonaldyr
Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.
I mange nordeuropeiske land er løve eit symbol på kongsmakta og finst i riksvåpen. Løva er rekna som konge av dyra, og tradisjonen med å bruka henne som symbol på kongsmakt skriv seg frå normannarane.[1] I Mellom-Europa er det fyrst og fremst ørnar, gjerne kongeørn, ein har brukt som symbol. Dette kjem opphavleg frå den romerske Aquila, ein forgylt ørn alle legionane bar meg seg som eit symbol på keisermakta.[2] Romarriket sitt eige nasjonalsymbol var likevel ulven som fostra opp Remus og Romulus, og ulv er fortsatt rekna som nasjonaldyr for Italia.[3] Den dobbelthovuda ørnen ein finn i mange austeuropeiske land kjem frå Austromarriket (Bysants).[4]
Land kan ha representantar for ulike dyreslag som nasjonaldyr, til dømes ein eigen nasjonalfugl.
Oversyn over nasjonaldyr
endre- Albania: Ørn med to hovud, brukt i det albanske flagget og riksvåpenet.
- Algerie: Fennek, brukt i idrettssamanheng. Det algeriske fotballandslaget blir kalla «les Fennecs».[5]
- Antigua og Barbuda: Dåhjort, som blei innført hit frå Europa og ikkje lever på nokre andre karibiske øyar. Det marine nasjonaldyret er karettskjelpadde.[6]
- Austerrike: Svart ørn, brukt i det austerrikske riksvåpenet
- Australia: Emu og kenguru, begge brukt i det australske riksvåpenet
- Bangladesh: Tiger (bengaltiger, bagh)[7]
- Aust-Timor: Krokodille, kjend i soger som opphavet til øya Timor[8]
- Canada: Bever, eit viktig dyr for kanadiske urfolk som huronar og for den økonomiske utviklinga til Canada. Symbolbruken går minst tilbake til 1600-talet.[9]
- Chile: Andeskondor, huemul (liten hjort)
- Danmark: Løve i riksvåpenet
- Egypt: Saladin-ørn i flagg og riksvåpen.
- England: Løve i riksvåpenet. Løva er i røynda frå det skotske riksvåpenet, riksvåpenet til England er heraldisk sett tre leopardar som vender andletet mot sjåaren (en face).[10]
- Estland: Ulv[11]
- Finland: Løve i riksvåpenet, svane, brunbjørn, åbor
- Frankrike: Hane
- Guatemala: Ketsalar
- India: Elefant, tiger (bengaltiger)[12]
- Indonesia: Ørn i riksvåpenet
- Japan: Fasanar
- Kina: Drake, panda
- Laos: Elefant
- Malaysia: Tiger (malaysiatiger)[13]
- Mexico: Kongeørn
- Montenegro: Løve i riksvåpenet
- Nederland: Løve i riksvåpenet
- New Zealand: Kiviar
- Noreg: Den norske løva i riksvåpenet. I fleire avstemmingar i Nitimen har elgen vorte kåra som nasjonaldyr.[14] Fossekall er nasjonalfuglen.
- Pakistan: Skruegeit[15]
- Panama: Harpyørn
- Papua Ny-Guinea: Paradisfuglar i flagg og riksvåpen.
- Polen: Kvit ørn i riksvåpenet
- Portugal: Hane
- Québec: Snøugle
- Russland: Gullørn, bjørn
- Skottland: Einhyrning,[16] i kongeleg samanheng også representert av ei raud løve.[17]
- Serbia: Kvit ørn i riksvåpenet
- Singapore: Merlion, løve i riksvåpenet
- Sverige: Løve i riksvåpenet
- Sør-Korea: Tiger
- Sør-Sudan: Flodørn i riksvåpenet, lever i store delar av landet
- Spania: Okse
- Thailand: Elefant
- Storbritannia: Løve i riksvåpenet
- Tsjekkia: Løve i riksvåpenet
- Tyskland: Svart ørn (Bundesadler) i riksvåpenet, panter
- USA: Kvithovudhavørn, brukt i riksvåpenet
- Venezuela: Brilletrupial
- Wales: Raud drake i flagg og landskapsvåpen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nasjonalsymbol» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «List of national animals» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
Fotnotar
endre- ↑ Oninas, J. (2004): Significant pre-figuration of medieval heraldry, frå Atlas of World Art, side 58
- ↑ Yates, J. (1875): Signa Militaria",, frå A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, side 1044–1046
- ↑ Wiseman, T.P. (1995): Remus: a Roman myth, Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-48366-7
- ↑ Soloviev, A.V. (1935): Les emblèmes héraldiques de Byzance et les Slaves. Seminarium Kondakovianum no 7, side 119–164.
- ↑ lesfennecs.net, arkivert frå originalen 2. august 2011, henta 5. mai 2011
- ↑ National Symbols Of Antigua & Barbuda ved antiguanet.net
- ↑ National Icons, bangla2000.com
- ↑ etan.org
- ↑ Rudy Boonstra (11.07.2013). «Beaver».
- ↑ Neubecker, O. (1973): Heraldik (dansk). McGraw-Hill, Maidenhead, England. ISBN 87-7321-063-3, Side 64-65
- ↑ Helen Mihelson (24. april 2018). «Wolf picked national animal over hedgehog». Postimees.
- ↑ National Animal of India, culturalindia.net, National Symbols Arkivert 2013-12-12 ved Wayback Machine., indianembassy.hr
- ↑ DiPiazza, F. (2006). Malaysia in Pictures. Twenty-First Century Books. s. 14. ISBN 978-0-8225-2674-2.
- ↑ Henriksen, H. & Storaas, H. (1999): Elg som en økonomisk ressurs: en kunnskapsoversikt Arkivert 2016-08-18 ved Wayback Machine.. Høgskulen i Hedemark, rapport 13. Side 11
- ↑ Basic Facts Arkivert 2012-04-10 ved Wayback Machine., Ministry of Information and Broadcasting, Government of Pakistan, infopak.gov.pk
- ↑ Baindu Kallon (29. september 2013). «12 countries that have cooler national animals than the United States». Glopal Post.; «National Animals: The Legendary, Extinct and Imaginary».; «Scottish fact of the week: Scotland’s official animal, the Unicorn».; «The Mystical Unicorn Of Scotland».; «Scotland’s National Animal is a Unicorn».
- ↑ Royal Standard, The Royal Household