Musevisa
Når nettene blir lange og kulda setter inn
Alf Prøysen: Samlede viser og vers (1978) b. 2 s 101
|
«Musevisa» er ein julesong skriven av Alf Prøysen i 1946.
Det var Lauritz Johnson som bad Prøysen om å lage nokre barneviser til jul for radio. Ei av visene Prøysen skreiv, var «Musevisa».[1] Han debuterte i radioen med denne songen i ein barnetime leia av Onkel Lauritz.[2]
Songen har åtte vers, og handlar om korleis mysene feirar jul. Dei har det enkelt, men morosamt: «Om julekvelden da skal alle sammen være gla'!». Melodien er ein gammal reinlender.
Korleis gjekk det med mysene?
endreI 2008 hevda Vidar Lønn Arnesen i boka Da Capo at songen opphavleg hadde eit anna sistevers: «De feiret julekvelden til det ble langt på natt, /men så ble alle spist av en sulten gammel katt.» Det vraka verset skulle ha blitt funne og teke vare på av ei vaskekone. Det vart ein del oppstyr om dette i pressa, og etter nokre dagar melde ein person seg og fortalde at det var han som hadde skrive verset som ein spøk.[3]
Kjelder:
endre- Alf Prøysen: Samlede viser og vers Tiden norsk forlag (1978) ISBN 82-10-00769-6
- NRK: Ukjent vers på Musevisa
- NRK: Strid om musevisa
- Aftenposten 8.12.2008
Fotnotar
endre- ↑ Prøysens venner, arkivert frå originalen 12. februar 2010, henta 6. desember 2008
- ↑ Barnetimen for de voksne
- ↑ Musevisa-bløff avslørt