Min Áigi
Min Áigi («Vår tid») er ei tidlegare samiskspråkleg avis som dekte samisk kultur og samfunnsliv. Ho kom ut to gonger i veka, og hadde redaksjon i Karasjok. Min Áigi hadde lokalkontor i Tana, Kautokeino og Jokkmokk, og marknadsavdeling i Lakselv.
Min Áigi | |||
Type | To gonger i veka | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1993 | ||
Første trykk | 22. mai 1993 | ||
Opphald i produksjonen | 2008 | ||
Nedlagd | 2008 | ||
Språk | nordsamisk | ||
Eigarskap | Finnmark Dagblad, Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund, Samenes Landsforbund, Davvi Girji, lokale sameforeiningar og einskildaksjonærar | ||
Opplag | 1 179 (2005) | ||
Redaksjonskontor | Finlandsveien 14 | ||
Postnummer | 9730 | ||
Stad | Karasjok | ||
Ansvarleg redaktør | Svein Nordsletta | ||
Nettstad | www.minaigi.no |
Min Áigi var eit framhald av den samiske avisa Sámi Áigi, som gjekk konkurs i mars 1993. Ho vart etablert i 1993, første nummer kom ut 22. mai 1993. Sjølv om redaksjonen og dei fleste abonnentane var i Noreg, ønskte Min Áigi som visjon å bli ei «allsamisk» avis for samar i alle dei nordiske landa.
Finnmark Dagblad i Hammerfest var hovudeigar gjennom eigarselskapet Min Áigi AS. Andre eigarar var mellom anna Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund (NSR), Samenes Landsforbund (SLF) og Davvi Girji.
Samanslåing til Ávvir
endrePå ein pressekonferanse 15. august 2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis.[1] Namnet på den nye avisa blei Ávvir (etter eit framlegg av Láilá Susanne Vars, namneframlegget vart publisert i Min Áigi og Áššu 18. januar 2008). Første utgåva av Ávvir kom på Samefolkets dag, 6. februar 2008.
Opplag
endre- 2002: 1 197
- 2003: 1 072
- 2004: 1 211
- 2005: 1 179
- 2006: 1 177
- 2007: 1 104:[2]
Kjelder
endre- ↑ NRK Sámi Radio: «Samiske aviser slås sammen», NRK.no
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine. fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008