Mandal kommune
Mandal er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke. Han grensa mot Lindesnes i vest og nordvest, mot Marnardal i nord og mot Søgne i aust.
Mandal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vest-Agder | ||
Adm.senter | Mandal | ||
Areal | 222 km² | ||
• land | 212 km² | ||
• vatn | 10 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Alf Erik Andersen (Frp) | ||
Kommunenr. | 1002 | ||
Mandal kommune 58°02′00″N 7°29′00″E / 58.033333°N 7.483333°E | |||
Kart som viser Mandal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Mandal (former municipality) | |||
Nettstad: www.mandal.kommune.no |
Mandal fekk som ladestad eige formannskap og kommunalt sjølvstyre i 1837. Kommunen fekk bystatus i 1921. I 1964 vart kommunen slegen saman med Halse og Harkmark og Holum kommunar til Mandal kommune. 1. januar 2020 vart kommunen del av nye Lindesnes kommune.
Geografi
endreMandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Mandalselva deler byen i to før ho renn ut i havet. Ho er rekna som ei av dei beste lakseelvene i Noreg, og ein finn igjen tre laks som motiv i byvåpenet.
Kommunen har mange flotte strender, der Sjøsanden er den best kjente. I tillegg har Mandal ein stor skjergard som er lagt til rette for båtturistar.
Kultur
endreLokalavisa i Mandal heter Lindesnes. Dette er ei lokal tabloidavis.
Mandals fotballag heiter Mandalskameratene. I 2008 spelar dei i 2. divisjon, etter å ha rykt ned frå Adeccoligaen i 2007-sesongen.
I byen ligg ei gammal trekyrkje, bygd i empirestil.
Industri
endreMandal har vore eit sentrum for utvikling og bygging av hurtigbåtar i Noreg frå tidleg på 1950-talet. Det var Toralf Westermoen som starta dette arbeidet. Sidan er det stadig blitt bygd og utvikla nye hurtigbåtkonsept i byen. For tida er Sjøforsvarets nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen under bygging i Mandal. Mandals Motorfabrikk ligg òg i Mandal.
Kjente mandalittar
endre- Adolph Tidemand (1814–1876), kunstmålar
- Søren Jaabæk, politikar (Holum)
- Olaf Isaachsen (1835–1893), målar
- Amaldus Nielsen (1838–1932), målar
- Johan Jørgen Broch Hagemann (1840–1919), lege
- Gustav Vigeland (1869–1943), bilethoggar
- Emanuel Vigeland (1875–1948), målar
- Kjell Askildsen (f. 1929), forfattar
- Ole-Johan Dahl (1931–2002), informatikkprofessor
- Michael Grundt Spang (1931–2003), forfattar og journalist
- Kari Vinje (f. 1931), barnebokforfattar
- Torbjørn Greipsland, forfattar og redaktør
- Janne Haaland Matlary (f. 1957), professor i internasjonal politikk ved universitetet i Oslo og katolsk rådgjevar
- Helene Bøksle (f. 1981), artist
Festivalar
endre- Skalldyrfestivalen, Festival for sjømat andre helga i august kvart år
Lag og organisasjoner
endre- Mandal Motorbåtforening
- Solgløtt, laivforening
- Mandalskameratene, fotballag i 2. divisjon
Bakgrunnsstoff
endre- Mandal kommune Arkivert 2004-05-24 ved Wayback Machine.
- Webkamera fra elvepromenaden i Mandal Arkivert 2011-08-08 ved Wayback Machine.
- Fædrelandsvennens Mandalsnyheter
- Kultur i Mandal på kart frå Kulturnett.no