Lyftestein
Lyftesteinar er store, tunge steinar som har vorte brukte av sterke menneske til å vise styrken sin. Slike steinar ligg gjerne der folk ferdast. Den som klarte å lyfte steinen, fekk ofte namnet sitt knytt til han.
Kjende lyftesteinar i Noreg:
- Sterke-Nils-steinen ved Seljord kyrkje. Etter tradisjonen vart denne steinen lyft av Nils Olsen Langedal (Sterke-Nils), som levde i tidsrommet 1722 - 1800. Steinen veg om lag 570 kg.
- Haddemohadden, på Haddemo i Grungedal i Telemark, veg vel 360 kg. Steinen er rund, og vanskeleg å få tak på.
På Færøyane kan lyftesteinar vere merkte med eit lite flagg.
Kjelder
endre- Olav Bø og Ørnulf Hodne:Norsk natur i folketru og segn. Det Norske Samlaget 1974.