Lukka
Lukka eller luhkka (nordsamisk luhkká), også kalla «samisk poncho» eller «cape», er ei samisk kappe med hette. Plagget har opning til hovudet og rekk ned til hendene og livet. Det vernar mot kulde og vind, og er vanleg vinterutstyr som kan brukast over kufte eller pesk. Luhkká kan også visa til kappe utan hette, men i Nord-Noreg blir denne varianten kalla njálfáhtta.
Lukka er tradisjonelt laga av tjukk vadmål og pynta med anna farga klede og band. Moderne utstyrsprodusentar som Fjällräven har også utforma lukkaer i kunststoff.
Lukkaer blir tidvis gjevne som gåve ved høgtidelege høve, gjerne med påsydd namn. Kronprins Haakon Magnus blei til dømes gjeven ein lukka då han vitja Sametinget under opninga på Samefolkets dag i 2009. Ved same høvet fekk Kronprinsesse Mette-Marit ein njálfáhtta. Også sameminister Rigmor Aasrud og hotelleigar Olav Thon er blitt gjevne slike plagg.
Kjelder
endre- Desiree Koslin, «Sámi», Berg Encyclopedia of World Dress and Fashion, Volume 8 – West Europe. Part 7: Nordic Countries, doi:10.2752/BEWDF/EDch8057, arkivert frå originalen 2. april 2012, henta 26. september 2011
- Dan Robert Larsen; Ann Marita Eriksen (01.02.2010), «– Språket den største utfordringen», NRK Sápmi (nrk.no)[daud lenkje]
- Eilif Aslaksen; Sigve Nedredal (06.02.2009), «Duske-bom oppe og nede», NRK Nyheter (nrk.no)
- Kenneth Hætta (03.12.2010), «Samisk skal holde varmen», NRK Nyheter
- Åse Pulk (06.01.2010), «– Vi er blitt for pysete», NRK Nyheter (nrk.no)
- Luhkka, Maritex Gávpi, arkivert frå originalen 23. august 2010, henta 26. september 2011
- Luhkka, fjallraven.com[daud lenkje]
- «Milliardærens nye lue», NRK Sápmi
- Ordliste for vev og klede, Duodjeinstituhtta[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Luhkka, Maritex Gávpi, arkivert frå originalen 23. august 2010, henta 26. september 2011, med bilete
- Søk etter lukka[daud lenkje] og luhkka[daud lenkje] ved kulturnett.no
- Søk etter lukka ved digitaltmuseum.no
- Luhkka Arkivert 2012-12-21 ved Wayback Machine. ved verksemda Ivnnit
- Duodji ungdom fikk NM priser, NRK Sápmi