Lilleakerbanen
Lilleakerbanen er ei trikkelinje som opna som forstadsbane på eigen trasé over Skøyen fram til Lilleaker i Oslo i 1919, og som no er ei trikkelinje for bytrikken i Oslo fram til Jar i Bærum kommune, der banen møter T-banens linje Kolsåsbanen. Her har trikken sams stasjon med T-banen, men eigne plattformar på grunn av ulik storleik på vognene. Frå Jar går trikken vidare på T-banelinja fram til Bekkestua i Bærum, der trikken har endestasjon på eigne sidespor på T-banestasjonen. Køyrestraumen, som er 750 volt likestraum, får trikken frå kontaktleidning over sporet, òg på den strekninga av T-banelinja der T-banetoga nytter straumskjene.
Soga
endreLilleakerbanen var opphavleg ei dobbeltspora linje i nettet til Kristiania Elektriske Sporvei (Blåtrikken), og vart trafikkert med toaksla og moderniserte bytrikkar etter at banen var opna til Lilleaker i 1919. I 1924 vart banen lengd innover i Bærum, fyrst til Bekkestua, deretter til Avløs, der det vart bygd vognhall og verkstad, og i 1930 var banen lengd heilt til Kolsås, men berre som enkeltspora linje. På 1930-talet var denne strekninga gjort dobbeltspora fram til Valler, og fram til Kolsås i 1941.
Lilleakerbanen vart halden utanfor samanslåinga som fylgde av at Oslo kommune i 1924 gjorde gjeldande sin rett til å løyse inn sporvegsselskapa Kristiania Elektriske Sporvei og Kristiania Sporveisselskab (Grønntrikken) og skipa AS Kristiania Sporveier, og selskapet som dreiv Lilleakerbanen fekk namnet Bærumsbanen.