Kvednahola på Ritland

Kvednahola er eit lite stryk i elva rett attmed riksveg 13 mellom Vasshus og Ritland i Suldal kommune. Her hadde gardane Ritland, Vasshus og Førland kvernene sine. Til kvernene høyrte turker, eller korntørker, som dei trong for å tørke kornet før det blei male. I tillegg låg her to sager og ei vadmålstampe og enda nokre småhus.

I Kvednahola i Suldal er det kvernhus, tørkehus og sag.

Ryfylkemuseet har ansvaret for dei husa som står att i Kvednahola. Staden er lett å besøke for folk som fer forbi på vegen, men husa er til vanleg ikkje opne.

Bakgrunnsstoff

endre