Ken Scott
Ken Scott (fødd 20. april 1947 i London) er ein engelsk plateprodusent og lydteknikar.
Ken Scott | |||
| |||
Fødd | 20. april 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Verka som | musikkprodusent, audioingeniør, komponist, ingeniør |
Karriere
endreScott starta 16 år gammal og arbeidde i lydbandbibiloteket i Abbey Road Studios. Han vart lydteknikar for artistar som The Beatles, Jeff Beck, Pink Floyd, The Rolling Stones og Procol Harum.[1]
Scott flytta til Trident Studios der han arbeidde med artistar som Elton John, Harry Nilsson, Mahavishnu Orchestra, America og George Harrison på det bestseljande albumet All Things Must Pass.[2]
Scott var så medprodusent på David Bowie-albuma Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972), Aladdin Sane (1973) og Pin Ups (1973) før han produserte Supertramp, The Tubes, Dixie Dregs, Devo, Missing Persons, Kansas, Happy The Man og Level 42.[3][4]
I nyare tid har Scott spelt inn fleire legendariske trommeslagarar for eit VST-instrument kalla EpiK Drums - A Ken Scott Collection.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ken Scott» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.recordproduction.com/ken-scott.html
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 29. juni 2011, henta 30. april 2011
- ↑ http://www.5years.com/kscottinterview.htm
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mai 2007, henta 30. april 2011
- ↑ http://www.sonicreality.com/epik-trommer/